Innsending av årsrekneskap
Sist oppdatert: 28. februar 2022.
Alle innsendingspliktige verksemder skal sende årsrekneskap til Rekneskapsregisteret seinast 31. juli.

Om verksemda ikkje overheld fristen, får de eit forseinkingsgebyr som kan bli 63 596 kroner.
Når årsrekneskapen er saksbehandla, vil verksemda få eit vedtak i innboksen i Altinn, med varsling på e-post eller SMS.
Om du har sendt årsrekneskapen innan fristen, vil du få to veker til å rette opp feil eller manglar utan at de får forseinkingsgebyr.
Du må sende årsrekneskapen til Rekneskapsregisteret i tillegg til skattemeldinga som du sender til Skatteetaten.