Tilbakemelding på årsrekneskap
Sist oppdatert: 28. februar 2022.
Verksemda får vedtaket om årsrekneskapen i innboksen i Altinn, med varsling på e-post eller SMS.
Vi sender e-post til e-postadressa/adressene som blei oppgitt i skjema for årsrekneskap og til kontaktinformasjonen i Altinn. For å få opp vedtaket i Altinn, må du ha siste versjon av Adobe Reader.
Når årsrekneskapen blir godkjend, sender vi vedtaket om godkjend årsrekneskap til verksemda. Dette blir også kunngjort.
Når årsrekneskapen ikkje blir godkjend, står det i vedtaket kva som må rettast før de må sender inn på nytt. Dersom de har sendt årsrekneskapen før innsendingsfristen, får de 2 veker til å rette opp manglar eller feil utan at de får forseinkingsgebyr. Dette gjeld ikkje når årsrekneskapen blir sendt etter innsendingsfristen.