Ver oppmerksam på svindelforsøk
Sist oppdatert: 1. februar 2024.
Bedrageriforsøk på telefon
Det skjer ganske ofte at aktørar ringer deg som nettopp har registrert eller endra opplysningar i registera våre.
Dei som ringer gir inntrykk av at dei ringer frå oss og tilbyr tenester knytt til for eksempel enkeltpersonføretaket ditt. Ikkje takk ja – det kan vere forsøk på bedrageri.
- Vi tar aldri kontakt med deg på telefon, sms eller e-post og spør om kredittkortinformasjon, kopi av pass, førarkort eller kontonummer.
- Skal du registrere noko eller endre opplysningar i registera våre, må du vere logga inn via ID-porten med Bank-ID.
Er du usikker på om det er Brønnøysundregistera som har kontakta deg, ta kontakt med kundeservice hos oss.