Ektepakt
Sist oppdatert: 2. desember 2021.
I rettleiaren vår kan du sjå korleis du går fram for å tinglyse ei ektepakt.

Her finn du ei oversikt over ofte stilte spørsmål om ektepakt.
Spørsmål om skjema
Her finn du skjema for å tinglyse ektepakt. Ver merksam på at det fins eigne skjema for ektefellar og for registrerte partnarar.
Pass på at alle sidene i skjemaet har underskriftsfelt.
De kan lese om dette i ektepaktrettleiaren vår. Der viser vi steg for steg korleis de fyller ut skjemaet.
Treng de råd og rettleiing utover dette, bør de ta kontakt med ein advokat. Vi gir ikkje råd om korleis de kan fordele verdiane i ektepakta.
Da må de sende ein søknad om å få tildelt d-nummer saman med ektepaktskjemaet.
I søknadsskjemaet står det kva dokumentasjon de må legge ved og kven som kan bekrefte kopi av legitimasjon.
Har du ikkje eit kundenummer hos oss, lar du dette feltet i skjemaet stå ope.
Ektepakta må vere signert av dykk begge. I tillegg skal to myndige vitne skrive under på side fire. De kan lese meir om underskriftskrava i ektepaktrettleiaren vår.
Ektepaktskjemaet sender de til
Ektepaktregisteret
Brønnøysundregistera
Postboks 905
8910 Brønnøysund
Ver merksam på at de også må tinglyse ektepakta hos Kartverket for å få rettsvern, om de overfører fast eigedom mellom kvarandre.
De må rette det opp i den originale ektepakta. Send inn ektepakta på nytt og legg ved ei forklaring i eit eige brev. Brevet må vere underskriven av dykk begge eller av ein advokat som representerer dykk.
Om du mottar verdiar i form av arv eller gåve, kan givar bestemme i testamente, gåvebrev eller skøyte at dette skal vere ditt særeige. Dette er verdiar som blir haldne utanfor deling når ekteskapet tar slutt, sjølv om de elles har fullstendig felleseige.
Spørsmål om tinglysing
Ja, om de har fylt ut eit godkjent skjema for ektepakt.
Om de har skrive feil fødselsnummer i skjemaet, retter dykk det og sender skjemaet på nytt til oss.
Ja, om du ønsker å tinglyse ektepakta må du betale eit gebyr. Sjå oversikt over gebyr.
De kan berre tilbakekalle ektepakta om ho ikkje er ferdig tinglyst. De kan gjere dette saman eller gjennom ein advokat som representerer dykk begge. Om de ønsker å tilbakekalle ektepakta, sender de ein e-post til oss. For at vi skal stoppe tinglysinga, er det viktig at det går klart fram kva ektepakt det gjeld. Hugs å ta med namn og fødselsdato til dykk begge. Ta også med kundenummer om de har det.
Vi tilrår at de tar kontakt med advokat for råd og rettleiing om arv og testamente.
Ei ektepakt som er gyldig inngått i eit nordisk land er også gyldig i dei andre nordiske landa.
Om de lurer på om ektepakta er gyldig utanfor Norden, kan de ta kontakt med ambassaden for det aktuelle landet.
Saksbehandlingstida for ektepakt kan vere opptil 14 dagar. Sjå også vår oversikt over saksbehandlingstider.
Spørsmål om endring eller sletting av ektepakt
Ektepakta blir ikkje automatisk sletta når ekteskapet er over, de må sjølv gi oss beskjed om at vi skal slette den. Det er nok at ein av dykk ber om å få slette ektepakta. Advokat som representerer dykk begge kan også be om sletting.
Det er berre mogleg å slette ektepakta etter at buet er delt ved skilsmisse eller død.
Skal de endre eller oppheve ektepakta, må de inngå ein ny.
Sjå ektepaktrettleiaren vår for å få hjelp til dette.
Så lenge de er gift kan de ikkje slette ektepakta. Ønsker de å gå tilbake til felleseige, må de opprette ei ny ektepakt.
Sjå ektepaktrettleiaren vår for å få hjelp til dette.
Spørsmål om korleis vi kan få sjå ei ektepakt
Du kan bestille ein panteattest i nettbutikken vår. Du må oppgi fødselsnummer til personane det gjeld. Vi sender deg panteattesten gratis på e-post.
Panteattesten viser om det er tinglyst ei ektepakt etter 1981 eller andre hefte på personen i Lausøyreregisteret, men den viser ikkje innhaldet i ektepakta. Trur du det er tinglyst ei ektepakt hos oss før 01.01.1981, må du kontakta oss på telefon for å bestille ein slik panteattest.
Du kan bestille kopi av ei ektepakt om du ønsker å sjå fullstendig innhald. Her kan du sjå kva dette kostar.
Du må kontakte oss på telefon for å bestille.