Ektepakt

Ekteskapslova krev at visse avtalar ektefellane imellom skal inngåast i form av ei ektepakt for å vere gyldige.

Ei ektepakt er ein juridisk bindande avtale mellom ektefellar. Ektepakt er nødvendig først og fremst dersom ektefellane ønskjer å avtale andre formuesordningar enn dei som automatisk følgjer av lova – det vil seie i desse tilfella:

  • dersom ektefellane ønskjer å avgrense felleseige ved å avtale særeige eller mellomformer mellom særeige og felleseige
  • dersom ektefellane ønskjer å utvide felleseiget ved å innskrenke retten til skeivdeling
  • dersom ektefellane ønskjer å ha høve til å dele felleseiget når som helst – ikkje først når ekteskapet er over, som er det vanlege
  • Dessutan må det opprettast ektepakt dersom ektefellane gir kvarandre større gåver – utan omsyn til kva formuesordning dei elles har avtalt

For å kunne ta stilling til om ein ønskjer å avtale særeige eller avgrense høvet til skeivdeling, er det naturlegvis viktig å kjenne reglane i lova om felleseige mm. Brosjyren «Det økonomiske forholdet mellom ektefeller» gir ei grei oversikt over desse reglane. Vi går derfor ikkje inn på dei her. Her gir vi berre ei nærmare rettleiing om når ektepakt er nødvendig, kva ektefellar kan avtale ved ektepakt, kva krav som blir stilt til forma på ektepakta m.m.