Samordna registermelding
Sist oppdatert: 3. oktober 2024.
Samordna registermelding bruker du når du skal sende inn meldingar til Einingsregisteret, Føretaksregisteret og Frivilligregisteret.
Om du for eksempel skal registrere eit nytt aksjeselskap, ei foreining eller eit enkeltpersonføretak, er det denne tenesta du skal bruke. Det same gjeld når du skal melde endringar av adresse, styremedlemer, namn eller telefonnummer for ei verksemd som allereie er registrert.
Tenesta er heilelektronisk. Det betyr at vedlegg som skal følge meldinga må lastast opp elektronisk, og at alle som skal signere må gjere det i Altinn.
Det er mange fordelar ved å bruke Samordna registermelding
- Det er nok at ein person signerer elektroniske meldingar.
- Vedtaket er tilgjengeleg i Altinn to timar etter at meldinga er ferdigbehandla.
- Enkle endringar blir registrerte maskinelt etter kvart som vi mottar dei.
- For dei fleste meldingar i Føretaksregisteret er det lågare gebyr.
Ofte stilte spørsmål
Skriv inn fødselsnummer (11 siffer) og etternamn. Vel deretter rolle og trykk på «Legg til».
Det er viktig at du skriv etternamnet nøyaktig slik det er registrert i Det sentrale folkeregisteret. For personar med fleire etternamn (for eksempel Berg Hansen), skal du berre legge inn det siste. Om etternamnet er samansett med bindestrek (for eksempel Berg-Hansen), må du legge inn begge namna.
Dersom du skal legge inn personar utan bustadadresse (som har fødselsnummer) eller opphaldsadresse (som har d-nummer), må du legge inn adresse på desse personane. Her kan du lese meir om korleis du gjer det.
Løysinga handterer dei aller fleste og mest brukte formata for tekstbehandling, rekneeark og grafikk.
Det er viktig å merke seg at storleiken på filene du lastar opp, ikkje må vere større enn 10 MB. Har du fleire filer/vedlegg, må den totale storleiken for heile meldinga ikkje overstige 20 MB.
Samordna registermelding er ei elektronisk teneste der utfylling, opplasting av filvedlegg og signering blir gjort i Altinn. Du kan berre bruke løysinga dersom alle vedlegga kan lastast opp som filer, og om dei som skal signere meldinga kan gjere det i Altinn. Kven som skal signere meldinga avheng av organisasjonsform og kva meldinga gjeld.
Kven skal signere?
Meldinga skal alltid signerast av minst ein person. Den som signerer skal vere ein av dei meldepliktige, som kan vere
- dagleg leiar
- medlem av styret
- innehavar
- forretningsførar
- den som har signaturrett
- kontaktperson
- norsk representant
Meldinga kan også signerast av ein person som har fått retten til å signere på vegner av verksemda.
Det er berre når ein varamedlem fungerer for ein styremedlem at hen kan signere i meldinga.
Skal du endre styret i ei verksemd som er registrert i Føretaksregisteret, må alle nye styremedlemmer signere meldinga. Dette gjeld også for styreendringar i stiftelsar som er registrerte i Einingsregisteret.
Personar
Når den som skal signere er ein person, blir signeringsoppgåva for Samordna registermelding sendt til personen sin innboks i Altinn.
Verksemder
Når den som skal signere er ei verksemd, for eksempel ein rekneskapsførar eller ein revisor, blir signeringsoppgåva for Samordna registermelding sendt til verksemda sin innboks i Altinn.
Signeringa kan då gjerast av personar som har rolla «Tilgangsstyring» i Altinn. Denne rolla blir automatisk gitt til personar som er registrerte i Einingsregisteret med rolla
- dagleg leiar
- styreleiar
- innehavar
- bustyrar
Har du ei av desse rollene, kan du delegere retten «Signerer av Samordna registermelding» til andre personar.
Det kan være tilfelle der du får krav om å ettersende meir dokumentasjon når meldinga er under saksbehandling
Du får då ei melding i innboksen i Altinn med informasjon om kva som manglar. I denne meldinga ligg det ei lenke til den opphavlege innsendinga, slik at du kan laste opp og ettersende nye vedlegg.
Når du har trykt på lenka «Sendinn meir dokumentasjon», kjem du til statussida for meldinga. Trykk på knappen «Last opp vedlegg», og sida for opplasting av nye vedlegg blir opna. Etter at du har lasta opp nye vedlegg, trykker du på knappen «Gå vidare til innsending».
Om nye vedlegg ikkje skal signerast elektronisk, kjem du direkte til sida for å sende inn det nye vedlegget. Her trykker du på knappen «Send inn». Har du lasta opp vedlegg som skal signerast, sender du nye vedlegg til signering. Vedlegga vil bli sende Brønnøysundregistera når dei er signerte i Altinn.
Berre den som har fylt ut meldinga kan sjekke status på meldinga.
Logg inn i Altinn. Du finner meldinga som er mottatt i samband med innsending og behandling av Samordna registermelding i innboksen i Altinn. Etter at meldinga er sendt til signering, vil skjemalenka føre deg til ei side som viser status for signering og behandling av meldinga.
Vi sender nå ut varsel om vedtak både til verksemda og den som har sendt inn Samordna registermelding. Når du og verksemda har same varslingsadresse får du begge varsla. Vedtaket finn du både i din og verksemda sin innboks i Altinn.
Retten til å signere kan tildelast av dagleg leiar, styreleiar eller innehavar
Frå sida «Kva vil du gjere?» kan du gi retten til å signere elektroniske meldingar til andre personar som for eksempel tilsette, rekneskapsførar, revisor. Når ein person har fått tildelt denne retten, vil vedkomande kunne signere elektroniske meldingar på vegner av den verksemda der retten er gitt.
Om verksemda ikkje har styreleiar eller dagleg leiar, kan kontaktperson, forretningsførar eller norsk representant tildele retten til å signere.
Opplysningar som ikkje kan meldast elektronisk
Du må bruke papirskjema om du skal slette eit enkeltpersonføretak der innehavaren er død eller melde fusjon for eit statsføretak.
Følgande organisasjonsformer kan ikkje bruke den elektroniske løysinga:
- europeisk selskap
- europeisk økonomisk føretaksgruppe
- gjensidig forsikringsselskap
- pensjonskasse
- sparebank
- anna føretak etter særskild lov som helseføretak og studentsamskipnad
Følgande organisasjonsformer kan melde endring og sletting i den elektroniske løysinga:
- norskregistrert utanlandsk føretak NUF
- selskap med avgrensa ansvar
- konkursbu, sletting kan berre meldast på konkursbu oppretta før 1.3.2008
Du kan også sende opplysningar til andre offentlege etatar
Gjennom tenesta Samordna registermelding kan du også sende inn opplysningar til NAV Registerforvaltning, Verksemds- og føretaksregisteret hos SSB, Stiftelsesregisteret og Skattedirektoratet sitt register over upersonlege skattytarar.