Adresse på person med rolle i Einingsregisteret og Føretaksregisteret
Sist oppdatert: 10. desember 2024.
I nokre tilfelle treng Føretaksregisteret informasjon om bustadadresse eller opphaldsadresse på rolleinnehavarar i forbindelse med saksbehandling og for kunngjering. Dei fleste har adresse i Folkeregisteret, men ikkje alle.
Folkeregisteret er nasjonal felleskomponent for personopplysningar, og Einingsregisteret og Føretaksregisteret forheld seg til dei for rolleinnehavarar sine adresser. Registera våre blir kontinuerlig oppdatert derfrå.
Folkeregisteret manglar opplysningar om bustadadresse for enkelte personar med fødselsnummer, og opphaldsadresse for enkelte personar med d-nummer. Dette fører til at vi ikkje får adresseopplysningar for desse rolleinnehavarane.
I nokre tilfelle treng Føretaksregisteret informasjon om bustadadresse eller opphaldsadresse på rolleinnehavarar som skal registrerast, for å kunne kontrollere bustadkrav i særlov eller kunne opplyse kreditorar ved oppløysing om kor eventuelle krav kan rettast. Manglar Folkeregisteret desse opplysningane, må du oppgi desse adresseopplysningane til oss.
Vi trenger adressa til:
- styre og dagleg leiar i aksjeselskap, allmennaksjeselskap og samvirkeføretak for å kunne kontrollere bustadkrav jf. aksjelova § 6-11 og samvirkelova § 75.
- styreleiar i aksjeselskap, allmennaksjeselskap, samvirkeføretak, burettslag og bustadbyggelag ved melding om oppløysing. Styreleiar sitt namn og adresse skal inngå i kunngjering om kreditorfrist på nettsida vår.
Slik melder du adressa i skjemaet
Når du hentar inn eit styre som er registrert frå før, må personar som manglar adresse slettast frå tabellen i skjema og leggast inn på nytt. Du må ha fødselsnummeret og adressa til denne personen. Registrerte styremedlemmer som blir lagde inn på nytt, vil ikkje få krav om å stadfeste at de tar på seg styrevalet.
For dei som har utanlandsk adresse er det greit å vite at namn på land alltid skal skrivast fullt ut og ikke med forkortingar. Sjekk gjerne korrekt skrivemåte for land hos Statistisk sentralbyrå på førehand.