Endre opplysningar for eit aksjeselskap
Dersom det har skjedd endringar i informasjonen som er registrert på selskapet, må du melde frå om dette i Samordna registermelding.
Du registrerer nytt namn ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn.
Det er generalforsamlinga som vedtek nytt namn. Endringa inneber endring av vedtektene til selskapet.
Du må legge ved
- generalforsamlingsprotokoll
- oppdaterte vedtekter
På sida Korleis vel eg namn på verksemda mi? kan du lese meir om val av namn og kva omsyn du må ta.
Du registrerer ny adresse ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn.
Ny forretningsadresse
Forretningsadressa til eit aksjeselskap skal vere ei norsk gate- eller vegadresse eller eit stadnamn.
Ny postadresse
Om du ønsker posten sendt til ei anna adresse, kan du melde dette som postadresse.
Når selskapet har valt nytt styre, skal du melde det i Samordna registermelding i Altinn. Før opp heile styret sånn som det er etter valet, inkludert eventuelle varamedlemmer.
Det er i hovudsak generalforsamlinga som vel styret. Nye styremedlemmer og varamedlemmer må stadfeste at dei tar på seg vervet, ved å signere i skjemaet.
Du må legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtaket
- eventuelt protokoll/dokument som viser kven dei tilsette har valt til styret
Når selskapet tilset dagleg leiar, skal du melde dette i Samordna registermelding i Altinn.
Dagleg leiar må stadfeste at hen tar på seg rolla, ved å signere i skjemaet.
De må legge ved protokoll frå styremøtet som viser tilsettinga, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet.
Når selskapet endrar signatur, skal du melde dette i Samordna registermelding i Altinn.
Du må legge ved
- protokoll frå styremøtet eller gereralforsamlinga som viser tildeling av signatur, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet
Det må gå tydeleg fram at signatur er tildelt og om dei som har fått signatur skal ha den i fellesskap eller kvar for seg.
Avtale med ein aksjeeigar, aksjeeigar sitt morselskap, ein styremedlem eller dagleg leiar der selskapet skal motta eigedelar, tenester eller ytingar mot betaling som utgjer meir enn 2,5 prosent av balansesummen i selskapet sitt siste godkjente årsrekneskap, må vere godkjent av styret for å vere gyldig. Dette gjeld også når avtalen er inngått med nokre i nær relasjon til aksjeeigar, aksjeeigar sitt morselskap, ein styremedlem, dagleg leiar eller nokon som handlar på vegner av desse.
Styret må utarbeide ei utgreiing for avtalen. Ho skal innehalde ei erklæring om at det er rimeleg samsvar mellom verdien av det selskapet skal ut med og verdien av det selskapet skal få. Utgreiinga skal vere datert, stadfesta av revisor og underteikna av heile styret.
I tillegg skal styret gje ei erklæring om at
- avtalen er i selskapet si interesse,
- det er rimeleg samsvar mellom verdien av det selskapet skal ut med og verdien av det selskapet skal få, og
- at kravet til forsvarleg eigekapital og likviditet er oppfylt.
Utgreiinga og erklæringa skal utan opphald sendast til alle aksjeeigarar med kjent adresse og til Føretaksregisteret.
Du må legge ved
- utgreiinga
- erklæring frå styret
- revisor si stadfesting av utgreiinga
Skal du melde fråval for eit selskap som allereie har registrert revisor, må du legge ved
- generalforsamlingsprotokoll
Meir informasjon om revisjon finn du under «Nyttige lenker» til høgre på denne sida.
Alle rolleinnehavarar kan trekke seg fra si eiga rolle. Når du trekker deg, gir du avkall på alle rettar og plikter som rolla di har. Du gjer dette i Samordna registermelding i Altinn. Når vi har registrert dette, vil rolla di bli merka som avregistrert. Både du og aksjeselskapet blir varsla.
