Gebyr for registrering og tinglysing
Sist oppdatert: 2. juni 2026.
I denne artikkelen finn du gebyra våre for 2026. Gebyra blir justerte kvart år ved årsskiftet. Du kan lese meir om bakgrunnen på Forklaring av gebyra våre.
Gebyr og prisar for å bestille utskrifter eller stadfestingar frå oss finn du på Informasjon om produkta våre.
Starte, endre eller slette verksemd
| Kva skal nyregistrerast? | Digitalt (kroner) | Papir (kroner) |
|---|---|---|
| Foreining/lag/innretning eller ungdomsbedrift, berre i Einingsregisteret | Gratis | Gratis |
| Andre verksemder som berre skal stå i Einingsregisteret, for eksempel enkeltpersonføretak | 2181 | 2746 |
| Verksemder med avgrensa ansvar, for eksempel AS eller ASA | 6825 | 7912 |
| Verksemder med ansvarlege eigarar som skal registrerast i både Einingsregisteret og Føretaksregisteret | 3883 | 4398 |
| Tilleggsregistrering i Føretaksregisteret for verksemder som allereie er registrerte i Einingsregisteret | 3185 | 3700 |
Tabellen er ei oppsummering av gebyra, nedanfor er det forklart meir detaljert kva konkrete organisasjonsformer som ligg i dei ulike kategoriane.
Fritatt for gebyr
Nyregistrering av nokre organisasjonsformer er gratis, dersom dei berre skal registrerast i Einingsregisteret. Dette gjeld:
- foreining/lag/innretning
- ungdomsbedrifter
Berre Einingsregisteret
Nyregistreringar av verksemder som berre skal registrerast i Einingsregisteret kostar 2181 kroner, dersom du gjer det digitalt og 2746 kroner med papirskjema. Dette gjeld:
- andre bu
- andre enkeltpersonar som registrerast i tilknytt register
- andre ikkje-juridiske personar
- annan juridisk person
- den norske kyrkja
- eigarseksjonssameige
- enkeltpersonføretak
- fylkeskommune
- kommune
- konkursbu
- kontorfellesskap
- norskregistrert utanlandsk føretak
- staten
- stiftelse
- tingsrettsleg sameige
- verdipapirfond
Avgrensa ansvar, Einingsregisteret og Føretaksregisteret
Nyregistrering av verksemder med eigarar som har avgrensa ansvar kostar 6825 kroner, dersom du gjer det digitalt og 7912 kroner med papirskjema. Slike verksemder registrerast i både Einingsregisteret og Føretaksregisteret. Dette gjeld:
- aksjeselskap
- allmennaksjeselskap
- bustadbyggelag/burettslag
- europeiske selskap
- helseføretak/regionalt helseføretak
- kommandittselskap
- samvirkeføretak
- selskap med avgrensa ansvar
- statsføretak
Ansvarlege eigarar, Einingsregisteret og Føretaksregisteret
Nyregistrering av verksemder som har ansvarlege eigarar og skal registrerast i både Einingsregisteret og Føretaksregisteret kostar 3883 kroner, dersom du gjer det digitalt og 4398 kroner med papirskjema. Dette gjeld:
- ansvarleg selskap og partreiarlag
- fylkeskommunalt føretak
- gjensidig forsikringsselskap og pensjonskasse
- interkommunalt selskap
- kommunalt føretak
- sparebank
Dersom dei skal registrerast i både Einingsregisteret og Føretaksregisteret gjeld det også for:
- eigarseksjonssameige
- enkeltpersonføretak
- foreining/lag/innretning
- norskregistrert utanlandsk føretak
- stiftelse
Etterregistrering i Føretaksregisteret
Dersom du allereie er registrert i Einingsregisteret og skal stå i Føretaksregisteret i tillegg kostar det 3185 kroner, dersom du gjer det digitalt og 3700 kroner med papirskjema. Dette kan vere aktuelt for organisasjonsformene:
- Eigarseksjonssameige
- Enkeltpersonføretak
- Foreining/lag/innretning
- Norskregistrert utanlandsk føretak
- Stiftelse
Registreringsløysingar
Det finst fleire ulike alternativ for å registrere ei ny verksemd digitalt.
Nokre organisasjonsformer kan berre registrerast med papirskjema:
- europeisk selskap
- gjensidig forsikringsselskap og pensjonskasse
- helseføretak
- norskregistrert utanlandsk føretak
- selskap med avgrensa ansvar
- sparebank
Dei fleste endringane i verksemder er det gratis å registrere hos oss.
Men enkelte endringar i Føretaksregisteret er det gebyr på, og dei kostar 1276 kroner, dersom du gjer det digitalt og 2509 kroner med papirskjema. Dette gjeld:
- deltakarendring
- endring av ansvarsandel
- fråtreding som deltakar
- fusjon, fisjon og flytteplan (eitt gebyr per selskap)
- kapitalnedsetting
- namneendring, også ved omdanning
- prospekt
Registreringsløysingar
Det finst fleire ulike plattformer for å registrere endringar digitalt.
Nokre organisasjonsformer kan du berre endre med papirskjema:
- europeisk selskap
- gjensidig forsikringsselskap og pensjonskasse
- helseføretak
- sparebank
Oppløysing og sletting er gratis i både Einingsregisteret og Føretaksregisteret.
Registreringsløysingar
Det finst fleire ulike plattformer for å melde sletting.
Nokre organisasjonsformer kan du berre slette med papirskjema:
- europeisk selskap
- sparebank
Tinglysing
Tinglysing og endring i Akvakulturregisteret kostar 1450 kroner per løyve for:
- tinglysing av pant
- tinglysing av overføring
- auke
- re-tinglysing, prioritetsviking og transport
Nedkvittering og sletting av tinglyste dokument er gratis.
Tinglysing av ektepakt og dom om deling kostar 1417 kroner.
Sletting av tinglyste dokument er gratis.
Tinglysing og endring i Lausøyreregisteret kostar 983 kroner, dersom du gjer det digitalt, og 1417 kroner med papirskjema. Dette gjeld:
- salspant i køyretøy
- leasingavtale
- pant i driftstilbehøyr
- pant i varelager
- pant i køyretøy, anleggsmaskiner og jernbanemateriell
- pant i landbrukslausøyre
- pant i fiskereiskapar
- pant i fordringar (factoringavtale)
- privat beslagsforbod
- løysingarett til fordel for nærståande
- avgjerd om forvaltning av formue
- re-tinglysing, prioritetsviking og transport
- massetransport
Tinglysing av andre rettstiftelsar, nedkvittering og sletting er gratis.
Registreringsløysingar
Du må ha eit eige fagsystem for å kunne gjere tinglysingar og endringar digitalt.
Massetransport kan du berre gjere digitalt.
Nokre av tenestene kan du berre gjere på papir:
- privat beslagsforbod
- løysingsrett til fordel for nærståande
- avgjerd om forvaltning av formue
- re-tinglysing, prioritetsviking og transport
Andre registreringar og innsendingar
Det kostar 500 kroner å registrere ein utøvar av alternativ behandling. Etter dette kostar det 300 kroner i året å bli ståande i registeret.
Det kostar 5 000 kroner å registrere seg i EMAS-registeret. Etter dette kostar det 3 000 kroner i året å bli ståande i registeret.
Gjentatt registrering kostar også 5 000 kroner.
Det er gratis å registrere seg i Frivilligregisteret.
Det er gratis å melde inn reelle rettshavarar.
Dersom du ikkje melder inn reelle rettshavarar innan fristen, får du dagbøter utan noe maksbeløp.
Det er gratis å reservere seg mot direkte reklame.
Det er gratis å registrere årsrekneskap.
Dersom du ikkje leverer ein komplett årsrekneskap innan fristen, får du eit forseinkingsgebyr som aukar gradvis opp til eit maksbeløp på 69 940 kroner.