Dagbøter (tvangsmulkt) for reelle rettshavarar
Sist oppdatert: 20. april 2026.
Verksemdene får varsel om dagbøter i Altinn med ein frist på tre veker til å registrere det dei skal, før dagbøtene startar.
Det er to grunnar til at ei verksemd får dagbøter:
- har ikkje registrert reelle rettshavarar første gong
- har fått melding om moglege feil i registeret og har ikkje sendt inn nytt skjema
Kor mykje kan verksemda få i dagbøter?
Dagbøtene blir rekna ut slik:
- 672,50 kroner kvar dag dei første 8 vekene
- 1345 kroner kvar dag dei neste 10 vekene
- 2017,50 kroner kvar dag dei påfølgande vekene
Dagbøtene aukar dagleg fram til verksemda har fått godkjent registreringa eller blir sletta frå Føretaksregisteret.
Innkrevjingsmyndigheita i Skatteetaten sender ut faktura på vegner av registeret etter åtte veker, 18 veker og deretter kvar 10. veke. Har du spørsmål om fakturaen eller innbetalinga, må du kontakte dei.