Informasjon om produkta våre
Sist oppdatert: 24. april 2026.
Dersom du leiter etter informasjon frå nokre av registera våre, finn du det enklast gjennom ei av oppslagstenestene våre.
På denne sida finn du informasjon om ulike stadfestingar, dokument og utskrifter vi kan tilby.
Produkt
Ektepakt er ein tinglyst avtale mellom ektefellar som kan fastsette blant anna særeige og gåver.
Kvar finn eg ho?
Stadfesting på om ein person har tinglyst ei ektepakt finn du på Opplysningar om person. Opplysningar om di eiga ektepakt kan du også finne på Mi side.
Dersom du trenger ein kopi av sjølve ektepakta, må du bestille det på telefon 75 00 75 00. Produktet kostar 181 kroner.
Dersom du sjølv har fått tinglyst ei ektepakt etter 12. november 2025 kan du finne ho på Mi side.
Ektepakter tinglyst før 1981
Ektepakter som blei tinglyste før 1981 er ikkje oppført i dei digitale tenestene våre. Treng du informasjon om slike ektepakter må du kontakte oss på telefon 75 00 75 00.
Firmattest og Registerutskrift frå Einingsregisteret viser at ei verksemd er registrert og kven som er ansvarleg for ho. Verksemder som er registrerte i Føretaksregisteret kan få firmaattest, andre verksemder må bruke registerutskrift.
Kvar finn eg dei?
Firmaattest som oppfyller lova sitt minimumskrav, finn du på Verksemdsopplysningar. Du kan også laste ned opplysningane som er oppført i tenesta som ei pdf-fil med digital signatur.
Same produkt med noko utvida informasjon kan du bestille gratis i nettbutikken. Der kan du også bestille engelsk versjon og notarialstadfesting til 424 kroner.
Vedtektsfesta formål i engelske produkt
Engelsk firmaattest og registerutskrift inneheld i utgangspunktet ikkje opplysningar om vedtektsfesta formål. Dersom du ønsker formålet omsett, må du bestille produkta på telefon 75 00 75 00. Oversetting er inkludert i prisen på 424 kroner, men du må rekne med noko lengre leveringstid.
Korleis blir dokumenta levert?
Notarialstadfesta attestar blir sende i posten, vanlegvis etter ein arbeidsdag. Andre attestar kan du laste ned digitalt eller dei blir sende på e-post i løpet av kort tid.
Konkursopplysningar er status for konkurs og konkurskarantene. Forsikringsstadfesting inneheld i tillegg status for rekonstruksjonsforhandling, gjeldsordning og gjeldsforhandling.
Kvar finn eg dei?
Stadfesting på at ei verksemd ikkje er konkurs kan du bestille i nettbutikken.
Konkursopplysningar og Forsikringsstadfesting på ein person finn du på Opplysningar om person.
Status på deg sjølv kan du også finne på Mi side.
Utskrift frå Konkursregisteret
Utskrift frå Konkursregisteret er tilgjengeleg i ein tidsavgrensa periode etter ein konkurs. Utskrifta må du bestille på telefon. Produktet inneheld ikkje informasjon ut over det du finn i andre, digitalt tilgjengelege produkt.
Konsernstruktur og Tilknytingar gir informasjon om forholda mellom dei ulike verksemdene i eit konsern eller frivillige verksemder som har registrert tilknytingar.
Kvar finn eg dei?
Konsernstruktur er tilgjengeleg i nettbutikken.
Tilknytingar finn du på Verksemdsopplysningar under Informasjon frå Frivilligregisteret.
Kopi av saksdokument er dokument som er sendt inn til oss i samanheng med registreringar og tinglysingar i Brønnøysundregistera.
Kvar finn eg det?
Dokument frå Einingsregisteret og Føretaksregisteret knytte til aksjeselskap og allmennaksjeselskap kan du bestille i nettbutikken. Der finn du også årsrekneskap frå dei siste 14 åra.
Vedtekter registrerte i Frivilligregisteret finn du i enkelte tilfelle på Verksemdsopplysningar.
Ektepakter registrert på deg sjølv etter 12. november 2025, kan du finne på Mi side.
Alle andre dokument må bestillast på telefon. Prisar finn du under Ikkje digital tilgang.
Korleis blir dokumenta levert?
Kopi av dokument blir normalt sendt på e-post etter tre til fem arbeidsdagar.
Nokre andre eksempel på saksdokument:
- Selskapsavtalar
- Generalforsamlingsprotokoll
- Årsmøteprotokoll
- Stiftelsesdokument
- Prospekt
Produktet viser kva trus- og livssynssamfunn som oppgav deg som medlem per 1. januar. Produktet er berre tilgjengeleg for personen sjølv. I tillegg kan føresette bestille produktet for barn under 15 år.
Kvar finn eg det?
Medlemskap i trus- og livssynssamfunn på deg sjølv finn du på Mi side.
Informasjon om barn sitt medlemskap må du bestille på telefon 75 00 75 00. Vi sender det da gratis til barnet si folkeregistrerte adresse.
Registerutskrift frå Lausøyreregisteret viser pant og rettsstiftelsar utanom fast eigedom, utleggstrekk og inkje til utlegg.
Panteattest frå Akvakulturregisteret viser pant og rettstiftelsar knytte til akvakulturløyve.
Kvar finn eg ho?
Pant i køyretøy, og andre rettstiftelsar, finn du på Søk etter tinglyste ektepakter, hefte og andre rettsstiftelsar.
Hefte på ei verksemd finn du også på Verksemdsopplysningar.
Hefte på ein person finn du også på Opplysningar om person.
Hefte på deg sjølv finn du på Mi side. Der finn du også informasjon om utleggstrekk og inkje til utlegg.
Panteattest frå Akvakulturregisteret må du bestille på telefon 75 00 75 00. Han finst på fødselsnummer, organisasjonsnummer og løyvenummer. Panteattesten kostar 150 kroner og blir send i posten.
Rolleoversikt for næringslivet viser kva roller som er registrert på ein person eller ei verksemd.
Klientoversikt er ei liste over verksemdene som har oppgitt ein bestemt revisor eller rekneskapsførar.
Kvar finn eg dei?
Oversikt over ei verksemd sine roller i andre verksemder og Klientoversikt finn du på Verksemdsopplysningar, i avsnittet Rolleopplysningar.
Oversikt over ein person sine roller i næringslivet kan du hente ned på Opplysningar om person.
Oversikt over dine eigne roller finn du på Mi side. Der finn du også rollene du har utanfor næringslivet.
Vi produserer jamleg eit utval av faste statistikkar. Vi kan også tilby tilpassa statistikk på bestilling.
Kvar finn eg dei?
Dei faste statistikkane våre ligger på Statistikk. Statistikk på bedrifter, føretak og konkurs ligg som .xls-filer som blir oppdaterte i begynnelsen av kvar månad.
Du kan lese meir om statistikk vi leverer på bestilling på Tilpasset statistikk.
Utleggstrekk betyr at ein person har eit uoppgjort pengekrav og at det derfor blir trekt eit bestemt beløp av personen si lønn eller trygd. Inkje til utlegg betyr at ein person eller ei verksemd ikkje har nokon eigedelar det kan bli tatt sikkerheit i eller inntekter som det kan gjerast trekk i.
Kvar finn eg det?
Utleggstrekk og inkje til utlegg på deg sjølv finn du på Mi side.
Utleggstrekk og inkje til utlegg på andre bestiller du på telefon 75 00 75 00. Det er berre aktørar som har spesiell tilgang til desse opplysningane som kan bestille.
Kven kan bestille stadfestinga?
- ein person kan bestille stadfesting på sitt eige fødselsnummer
- dagleg leiar eller styreleiar kan bestille stadfesting på sitt eige føretak
- advokatar
- finansinstitusjoner
- inkassobyrå
- kredittopplysningsbyrå
- offentlege myndigheiter, til kundane sine
Kredittopplysningsbyrå kan utlevere opplysningar vidare til kundane sine.
Kva kostar det?
Personen det gjeld kan bestille produktet gratis, for andre kostar det 181 kroner.
Verksemder som har rekneskapsplikt, må levere årsrekneskapen til Rekneskapsregisteret.
Kvar finn eg han?
Årsrekneskapar frå dei siste 14 åra finn du i nettbutikken.
Det finst også pdf-versjon i Verksemdsopplysningar som er noko lettare tilgjengeleg, men der er all tekst konvertert til grafikk.
Eldre årsrekneskapar må du bestille på telefon 75 00 75 00. Dei kostar 241 kroner.
Årsrekneskap inneheld:
- resultatrekneskap
- balanse
- notar
- årsmelding, dersom verksemda ikke følger reglane for små føretak
- revisjonsmelding, dersom verksemda har revisjonsplikt
- konsernrekneskap, dersom det finst
Engelsk stadfesting på godkjent årsrekneskap
Treng du dokumentasjon på godkjent årsrekneskap til bruk i utlandet, kan du bestille ei stadfesting på engelsk. Sjå informasjon om engelske produkt under spesialbestillingar.
Utskrifter og spesialbestillingar
Dersom du tar kontakt med oss på telefon 75 00 75 00, kan du få tilsendt produkt som ikkje er digitalt tilgjengelege på e-post eller som fysiske utskrifter.
Kva koster det?
Gratis:
- medlemsskap i trus- og livssynssamfunn
- utleggstrekk/inkje til utlegg på deg sjølv
- Utskrift frå Konkursregisteret
120 kroner:
- registerutskrift frå Einingsregisteret
150 kroner:
- panteattest og dokument frå Akvakulturregisteret
181 kroner:
- ektepakt
- firmaattest på norsk
- forsikringsstadfesting
- historisk rolleoversikt
- utleggstrekk/inkje til utlegg på andre enn deg sjølv
- kopi av dokument frå Lausøyreregisteret
241 kroner:
- årsrekneskap
- kopi av dokument frå Einings- og Lausøyreregisteret
424 kroner:
- historiske opplysningar om registrerte føretak
- stadfesting av endringar i registrerte føretak
- stadfestingar og attestar på engelsk
- notarialstadfesta produkt
Dersom bestillinga er spesielt samansett eller kompleks, kan prisen bli høgare enn det som er oppgitt her.
Kor lang tid tar det?
Produksjonstida er normalt 7 dagar, men for tida har vi opp mot 14 dagar saksbehandlingstid.
Vi kan tilby alle produkta våre på engelsk.
Kvar finn eg det?
Engelsk firmaattest og registerutskrift frå Einingsregisteret som oppfyller lova sitt minimumskrav, finn du på Verksemdsopplysningar.
Notarialstadfesta firmaattest på engelsk kan du bestille i nettbutikken.
Alle andre engelske produkt må du bestille på telefon 75 00 75 00. Hugs å seie frå dersom du treng notarialstadfesting på dokumentet eller om du ønsker at vi skal oversette formål eller signaturopplysningar på firmaattest eller registerutskrift.
Kva kostar det?
Det er gratis å laste ned firmaattest og registerutskrift frå Einingsregisteret på Verksemdsopplysningar. Alle andre engelske produkt kostar 424 kroner.
Nokre eksempel på engelske produkt
- Certificate of Good Standing
- konkursfridomsbevis
- panteopplysningar
- konsernstruktur
- stadfesting på godkjent årsrekneskap
Vi kan notarialstadfeste alle dokument som blir sende frå oss som fysiske utskrifter. Du må gi beskjed om du trenger dette.
Kvar finn eg det?
Notarialstadfesta firmaattest på engelsk kan du bestille i nettbutikken.
Andre notarialstadfesta produkt kan du bestille på telefon 75 00 75 00.
Kva kostar det?
Notarialstadfesta produkt kostar 424 kroner.
Legalisering eller apostille
Dersom produktet skal brukast i utlandet, kan du ha bruk for ytterlegare stadfesting i form av apostille eller legalisering. Du kan lese meir om apostillestempel på statsforvalteren.no. Du kan lese om legaliseringar på regjeringa.no.
Vi kan lage historiske utskrifter eller stadfestingar på spesielle hendingar i føretak.
Kvar finn eg det?
Dokument frå Einingsregisteret og Føretaksregisteret knytte til aksjeselskap og allmennaksjeselskap, kan du bestille i nettbutikken.
Andre stadfestingar må bestillast på telefon 75 00 75 00 og kostar normalt 424 kroner. Spesielt samansette eller komplekse produkt kan bli dyrare.
Nokre eksempel på slike produkt
- historisk rolleoversikt, som viser alle rollene ein person har hatt siden 1. mars 1995 (kostar 181 kroner)
- fusjon og fisjon
- all informasjon på ein bestemt dato
- alle registrerte namneendringar
- kapitalauke og kapitalnedsetting
- avvikling av føretak utan informasjon om roller
- opplysningar om føretak før sletting
- overdraging av verksemd
Ko lang tid tar det?
Produksjonstida er normalt 7 dagar, men for tida har vi opp mot 14 dager saksbehandlingstid.
Dersom du trenger større uttrekk av informasjon eller er ute etter spesielle opplysningar, kan vi tilby tilpassa uttrekk av registerinformasjon.
Massebestilling forsikringsstadfestingar
Trenger du forsikringsstadfestingar for fleire enn 20 personar, kan du sende oss ei kryptert Excel-fil med fødselsnummera til personane det gjeld. Du får ei Excel-fil med oversikt over personane og om det er, eller ikke er, registrert påkravde opplysningar. Bestillinga sender du i kontaktskjemaet vårt. Vi fakturerer 800 kroner per time for slike oppdrag.