Overføring av akvakulturløyve
Sist oppdatert: 10. juni 2025.
Ingen kan drive akvakultur utan å vere registrert som innehavar av akvakulturløyve i Akvakulturregisteret.
Eit akvakulturløyve er fritt omsetteleg. Grunnlaget for overføring av løyve kan typisk vere fritt sal, gåve, skifteoppgjer, fusjon eller fisjon.
For tinglysing av overføringa, må du bruke godkjent blankett.
Dokumentet må innehalde:
- Kva løyve overføringa omfattar. Løyve blir identifisert ved at løyvenummeret er oppgitt.
- Grunnlaget for overføringa (omsetningstype)
- Overdragar sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer.
- Ny innehavar sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer.
- Overdragar si underskrift i original. Dersom blanketten går over fleire sider, skal overdragar underskrive kvar side i avtalen.
Merk at for gjennomført fusjon er det overtakande selskapet (ny innehavar) som signerer dokumentet.
Det er den som overfører løyvet som skal signere dokumentet om overføring.
Dersom overførar er fysisk person, er det hen sjølv som skal signere.
Dersom overførar er ei verksemd, er det reglane for den enkelte organisasjonsforma som bestemmer kven som kan signere. For aksjeselskap er utgangspunktet at styret i fellesskap skal signere for selskapet. Dette gjeld så framt ikkje annan signaturregel er meldt og registrert i Einingsregisteret/Føretaksregisteret.
Akvakulturregisteret sjekkar kven som har signaturrett etter opplysningane i Einingsregisteret/Føretaksregisteret. Vi godtar ikkje protokoll frå generalforsamling, styremøte, sameigarmøte eller liknande som viser val av styre eller signaturreglar som enda ikkje er meldt og godkjent i Einingsregisteret/Føretaksregisteret.
Vi kan unntaksvis godta at dokumentet er signert etter styresamansetting eller signaturreglar som tidlegare har vore registrerte i Einingsregisteret/Føretaksregisteret, føresett at det blir gitt uttrykkeleg beskjed om dette i følgeskriv. Vi sjekkar da signaturen opp mot opplysningane som var registrerte i Einingsregisteret/Føretaksregisteret på tidspunktet for signeringa.
Vi godtar ikkje signering etter prokura.
Det er mogleg å bruke fullmakt til signering, jf. tinglysingsforskrifta § 7 andre ledd (lovdata.no).
Merk at det gjeld eigne reglar for signatur ved overføring av akvakulturløyve ved fusjon eller fisjon.
Dersom innehavaren av eit løyve blir fusjonert inn i eit anna selskap, må løyvet overførast til det overtakande selskapet. Tilsvarande gjeld dersom akvakulturløyvet blir overført som ledd i fisjon.
Overføring av akvakulturløyve i forbindelse med fusjon eller fisjon blir ikkje rekna for å vere ei ordinær heimelsoverføring. Overføringa skjer på bakgrunn av selskapsrettslege reglar, og det overdragande føretaket blir rekna å fortsette i det overtakande føretaket.
Kven kan signere dokumentet om overføring av løyve ved fusjon eller fisjon?
Kven som skal underskrive dokumentet om overføring av akvakulturløyve som skuldast fusjon eller fisjon, avheng av kor langt partane er komne i prosessen:
Før fusjonen/fisjonen er gjennomført:
Det overdragande selskapet er fortsatt eigar, og dokumentet må derfor blir underskriven av signaturrettshavar i det overdragande selskapet.
Etter gjennomført fusjon:
Overføringa må underskrivast av signaturrettshavar i det overtakande selskapet.
Etter gjennomført fisjon:
Dokumentet skal underskrivast av signaturrettshavar i det overdragande selskapet. Dersom det overdragande selskapet er sletta som følge av fisjonen, skal dokumentet underskrivast av signaturrettshavar i det overtakande selskapet.
Ved fisjon forutset det dessutan at det blir lagt ved dokumentasjon der det uttrykkeleg går fram at akvakulturløyvet skal overførast det overtakande selskapet, eksempelvis fisjonsplanen eller ei stadfesting frå rekneskapsførar, advokat eller liknande.
Kva kostar det å overføre akvakulturløyve?
Sjå oversikt over gebyr for tinglysing. Gebyret gjelder per løyve.
Overføring av løyve som skuldast fusjon eller fisjon er gebyrfri. Fusjonen eller fisjonen må vere gjennomført i Føretaksregisteret for at overføringa skal vere gebyrfri. Det må kryssast av for omsetningstype fusjon/fisjon i blanketten, eller det må vere angitt på annan måte at det gjeld overføring som ledd i fusjon eller fisjon.
For overføring der fusjon/fisjon enda ikkje er gjennomført, må annan omsetningstype veljast, for eksempel fritt sal/gåve. I så fall vil overføringa vere gebyrbelagt.