Kven må rapportere om berekraft?
Sist oppdatert: 9. juli 2025.
Nye reglar i rekneskapslova om berekraftsrapportering blir innført stegvis. Frå og med rekneskapsåret 2024 skal nokre store føretak av allmenn interesse rapportere om berekraft.
Store føretak av allmenn interesse er børsnoterte føretak, bankar, kredittføretak og forsikringsføretak. Vilkåra for berekraftsrapportering er at føretaket på balansedagen enten:
- har gjennomsnittleg antal tilsette på over 500 årsverk i rekneskapsåret
- er morføretak i eit stort konsern med gjennomsnittleg antal tilsette i konsernet på over 500 årsverk i rekneskapsåret
Berekraftsrapporteringen inngår i årsmeldinga og revisor skal attestere ho.
Les meir om endringane i rekneskapslova
Berekraftsrapportering for andre føretak gjeld frå:
Frå og med rekneskapsåret 2027 skal alle store føretak og konsern rapportere om berekraft. Dette gjeld både børsnoterte og ikkje-børsnoterte føretak.
Der er nokre unntak fra plikta til å rapportere om berekraft for rekneskapsåret 2027.
Børsnoterte små og mellomstore føretak og konsern får plikt til å rapportere om berekraft frå rekneskapsåret 2028.
Små føretak, som ikkje er børsnoterte, har ikkje krav til eiga berekraftsrapportering.
Mikroføretak, inkludert dei som er børsnoterte, har ikkje krav til eiga berekraftsrapportering.
Det er berre dei som er pliktige til å rapportere om berekraft som kan sende inn berekraftsrapport.