Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Forside bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Forside nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Pant i båt

Sist oppdatert: 20. desember 2019 .

Hos oss kan du sjå om det er tinglyst tvangspant i båtar som ikkje er registrerte i Skipsregisteret.

For å sjekke desse opplysningane må du bestille ein panteattest i nettbutikken vår på fødselsnummeret eller organisasjonsnummeret til eigaren av båten. Panteattesten er gratis om du vel å få den på e-post.

Vi registrerer ikkje pant i båtar som er registrerte i Skipsregisteret. Derfor må du undersøke dette hos dei. Du finn informasjon på nettsidene til Sjøfartsdirektoratet.

Frivillig pant i båtar som ikkje er registrerte i Skipsregisteret finst det ikkje noko register over.