Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

20 676 nye føretak i Føretaksregisteret første halvår

Publisert: 4. juli 2017

Det blei registrert 20 676 nye føretak i Føretaksregisteret første halvår i år, mot 18 460 i det same tidsrommet i fjor.

Totalbestanden i Føretaksregisteret har auka frå 480 680 i første halvdel av fjoråret til 494 514 i første halvdel i år.

Det blei registrert 15 386 nye aksjeselskap i første halvår i år, mot 14 384 i første halvår 2016. Når det gjeld enkeltpersonføretak, blei det registrert 16 634 nye i 2017, mot 19 495 i den same perioden i fjor. Talet på nye enkeltpersonføretak som også er registrert i Føretaksregisteret gikk opp frå 2 574 i 2016 til 3 741 første halvår 2017.

Talet på nye norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) held fram med å gå ned, frå 512 i første halvår 2016 til 407 første halvår 2017.

Meir statistikk på statistikksidene våre