Vedtak om forvaltning av formue
Sist oppdatert: 17. november 2025.
Når retten har bestemt at nokon sin formue skal bli set under offentleg forvaltning, skal vedtaket tinglysast i Lausøyreregisteret.
Eit vedtak om forvaltning av formue betyr at retten kan bestemme at ein sikta eller domfelt person mister retten til å råde over formuen sin – altså pengar, bil og andre verdiar.
Dette kan skje når:
- Personen er dømt til meir enn 6 månadar fengsel, eller det er skilleg grunn til mistanke om ei alvorleg straffbar handling (strafferamme over 2 år), og
- Vedkommande unndrar seg straff eller etterforsking – for eksempel ved å rømme eller opphalde seg i utlandet utan å møte etter oppfordring.
Formålet med vedtaket er å hindre at verdiar forsvinn, og å presse personen til å møte for retten. Ein tilsynsmann blir oppnemnd for å forvalte verdiane og sørge for at den sikta ikkje får tilgang til dei.
Påtalemyndigheita eller domstolen sørger for at vedtak om forvaltning av formue blir registrert i Lausøyreregisteret. Vi må motta følgende opplysninger:
- sikta/domfelte sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer
- om vedkommande er sikta eller domfelt
- kva domstol som har fatta vedtaket
- tidspunkt for avgjerda
- oppføring av eigedel(ar) som avgjerda særskild omfattar
- påtalemyndigheita si eller domstolen si underskrift i original, enten på sjølve orskurden eller på oversendingsbrevet
Vedtaket om forvaltning av formue skal slettast når sikta kjem til stade eller når grunnlaget for avgjerda elles fell bort, for eksempel dersom etterforskinga blir avslutta eller personen ikkje lenger er mistenkt. Påtalemyndigheita, domstolen eller tilsynsmannen sørger for sletting.