Om Jegerregisteret
Sist oppdatert: 27. oktober 2021.
Jegerregisteret er eit register over personar som har kvalifisert seg til å drive jakt i Noreg.
Jegerregisteret blei etablert i 1982 av det dåværande Direktoratet for naturforvaltning, som no heiter Miljødirektoratet. Dei dreiv Jegerregisteret fram til mars 1999, då drifta blei overført til Brønnøysundregistera.
Oppgåvene som blir utførde ved Jegerregisteret er først og fremst registrering av jegarar som har greid jegerprøven, og å sende ut jegeravgiftskort. Jegerregisteret inneheld også ei oversikt over kven av dei registrerte jegarane som har betalt jegeravgift og opplysningar om personar som er frådømde jaktrett for kortare eller lengre tid.
Jegerregisteret har nettløysingar for betaling av jegeravgift og lisensfelling. Desse løysningane kan brukast av norske og utanlandske jegarar som er registrerte i registeret.
Jegerinformasjon om vilt, jakttider, våpen og ammunisjon tek Miljødirektoratet seg av.