Om Akvakulturregisteret
Sist oppdatert: 9. juli 2026.
Akvakulturregisteret blei oppretta i 2006, og er eit realregister. Det betyr at registeret er strukturert etter løyva, slik at kvart enkelt løyve utgjer ei eigen eining i registeret.
Registeret inneheld ei oversikt over akvakulturløyver og nokre vesentlege forvaltningsvedtak knytte til desse. I tillegg innheld registeret ei oversikt over overføringar, pantsettingar og andre rettar som er tinglyste på løyva.
Registeret er todelt, og består av ein forvaltningsdel og ein tinglysingsdel. Fiskeridirektoratet er ansvarleg for forvaltningsdelen til registeret, det vil seie blant anna tildeling og registrering av type løyve løyvet, lokalitet m.v. Brønnøysundregistera er tinglysingsmyndigheit og er ansvarleg for opplysningane knytte til til tingslysing og overføring av akvakultutløyve og pant i akvakulturløyve.
Offentlege opplysningar
Informasjonen som er tinglyst i Akvakulturregisteret er i utgangspunktet offentleg tilgjengeleg. Dette inneber at kven som helst kan få opplysningar om dei hefta og rettane som er tinglyste, føresett at ein oppgir éin av følgande identifikatorar: løyvenummer, fødselsnummer eller organisasjonsnummer.
Grunngivinga for at informasjonen er offentleg tilgjengeleg er tinglysingsinstituttet sitt formål, som er å sikre rettsvern for hefte og rettar ved å gjere dei offentleg kjente.