Sletting av foreining
Sist oppdatert: 27. februar 2026.
Du kan slette ei foreining dersom
- fleirtalet av medlemmene vedtar oppløysing eller sletting
- ho blir oppløyst som eit resultat av stadig mindre aktivitet over lengre tid
- alle medlemmene er utmelde, unntatt ein
- det skjer vesentlege endringar av foreininga sine vedtekter, slik at ho oppfattast som ei ny verksemd
- ho blir delt i fleire mindre einingar eller slått saman med andre verksemder
Du slettar foreininga ved å sende inn Samordna registermelding
Det er ingen krav om vedlegg, du dokumenterer slettinga ved å erklære i skjemaet at foreininga:
- er opphøyrd, og at det finst eit gyldig vedtak frå foreininga sitt årsmøte eller tilsvarande
eller
- skal fortsette å eksistere etter slettinga frå Einingsregisteret (treng ikkje vedtak frå årsmøtet eller tilsvarande)
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krevje å få protokollen tilsend, både under utfyllinga av skjemaet og på eit seinare tidspunkt.