Statistikk på skyteprøver og obligatoriske skot
Jegerregisteret har oversikt over kor mange obligatoriske skot og skyteprøver som er registrert gjennom appen Min jegerdokumentasjon.
Statistikken er todelt og viser arrangør og jegerstatistikk.
Statistikken er, på grunn av koronasituasjonen, ikkje nødvendigvis representativ for eit normalt jaktår. Skyteprøva har i utgangspunktet ein del med 30 obligatoriske skot og ein del med fem skot mot dyrefigur for rifle.
Jaktåret 2020/21 fekk storviltjegerar fritak frå kravet som skyteprøve på grunn av vanskar med å gjennomføre prøva med gjeldande smittevernrestriksjonar. For jaktåret 2021/22 er det berre krav om at siste delen av prøva blir gjennomført.