Endre opplysningar for eit eigarseksjonssameige
Sist oppdatert: 2. juni 2026.
Dersom du ønsker å gjere endringar for eit eigarseksjonssameige, kan du gjere dette ved å sende inn skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn.
Du registrerer nytt namn på eigarseksjonssameiget ved å sende inn skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn.
Det nye namnet blir bestemt av årsmøte.
Du må ved registrering i Føretaksregisteret legge ved
- protokoll frå årsmøte som viser vedtaket om endring av namn
- nye vedtekter der det nye namnet er tatt inn
Du registrerer nytt styre ved å sende inn skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn.
Før opp heile styret sånn som det framstår etter valet, inkludert eventuelle varamedlemmer. Nye styremedlemmer og eventuelle varamedlemmer må stadfeste at dei tar på seg vervet, ved å signere i skjemaet.
Årsmøtet vel styret.
Det er ingen krav vedlegg, du dokumenterer styrevalet ved å erklære i skjema at:
- styret er gyldig valt av årsmøtet, og
- det finst ein protokoll som viser siste valte styre og at dette er i samsvar med det som er meld i skjemaet
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krevje å få protokollen tilsend, både under utfyllinga av skjemaet og på eit seinare tidspunkt.
Når eigarseksjonssameiget endrar signatur, skal du melde dette i skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn.
Det er ingen krav til vedlegg, du dokumenterer signaturretten ved å erklære i skjemaet at:
- signaturrett er gyldig vedtatt av sameiget sitt årsmøte
• det finst ein protokoll som viser siste vedtatte signaturrett og at det er i samsvar med det som er meldt
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krevje å få protokollen tilsendt på eit seinare tidspunkt.
Du endrar revisor ved å sende inn skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn.
Revisor må veljast av årsmøtet og stadfeste i skjemaet at han tar på seg vervet.
Skal du melde revisor, og sameiget er registrert i Føretaksregisteret, må du dokumentere opplysninga ved å erklære i skjemaet at:
- revisor er engasjert av kompetent organ
- det finst dokumentasjon som viser sist engasjerte revisor og at det er i samsvar med det som er meldt
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krevje å få dokumentasjonen tilsendt på eit seinare tidspunkt.
Du endrar rekneskapsførar ved å sende inn skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn.
Rekneskapsførar må stadfeste i skjemaet at hen tar på seg oppdraget.
Skal du melde rekneskapsførar, og sameiget er registrert i Føretaksregisteret, må du dokumentere opplysninga ved å erklære i skjemaet at:
- rekneskapsførar er engasjert av kompetent organ
- det finst dokumentasjon som viser sist engasjerte rekneskapsførar og at det er i samsvar med det som er meldt
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krevje å få dokumentasjonen tilsendt på eit seinare tidspunkt.
Eigarseksjonssameige som berre er registrert i Einingsregisteret
Eigarseksjonssameie som berre er registrert i Einingssregisteret skal ikkje sende inn nye vedtekter når desse er endra. Dersom endringane i vedtektene gjeld namn, matrikkelnummer, antal styremedlemmer eller signaturrett, skal de registrere dette i skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn.
Eigarseksjonssameige som er registrert i både Føretaksregisteret og Einingsregisteret
Det er berre eigarseksjonssameige registrerte i Føretaksregisteret som må sende inn nye vedtekter når desse er endret.
Dette gjer du i skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn.
Du må legge ved:
- protokoll frå årsmøtet som viser vedtaket om å endre vedtektene
- nye vedtekter der dei nye reglane er tatt inn
Kva register eigarseksjonssameiget er registrert i, finn du i verksemdopplysningar.
Alle rolleinnehavarar kan trekke seg frå si eiga rolla. Når du trekker deg, gir du avkall på alle rettar og plikter som rolla di har. Du gjer dette i skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn. Når vi har registrert dette, vil rolla di bli merka som avregistrert. Både du og eigarseksjonsameiget blir varsla.
Kan du ikkje bruke digitalt skjema?
Du kan laste ned skjemaet (PDF), fylle det ut og sende det i posten. Det kan ta vesentleg lengre tid å behandle saker som blir sende i posten.