Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Registreringsplikt i Føretaksregisteret

Sist oppdatert: 4. november 2019 .

Om du driv med næringsverksemd, men ikkje oppfyller kriteria nedanfor, har du ikkje plikt til å registrere enkeltpersonføretaket i Føretaksregisteret.

Du kan likevel registere føretaket i dette registeret om du ønskjer det. Ei slik registrering vil gi føretaket ein firmaattest. Registreringa vil medføra gebyr.

Du har plikt til å registrere enkeltpersonføretaket ditt i Føretaksregisteret dersom du

  • driv handel med varer som er innkjøpt for vidare sal
  • driv eit betalingsføretak som er godkjend av Finanstilsynet
  • har fleire enn fem tilsette i stilling kor dei jobbar meir enn 20 timar per veke, eller
  • skal ta pant i varelager, motorvogner og anna der det krevst at pantsettar er næringsdrivande

Alle enkeltpersonføretak kan registrere seg i Einingsregisteret, og får da eit organisasjonsnummer. Registrering i Einingsregisteret er gratis.