Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Sletting av ektepakt

Sist oppdatert: 15. mai 2019 .

Du kan slette ei ektepakt hos oss når ekteskapet eller partnarskapen er avslutta ved skilsmisse eller dødsfall. I tillegg må buet vere oppgjort.

Slik får du sletta ei ektepakt

  • Skriv direkte på den tinglyste ektepakta eller ein kopi at du ønsker å slette ho. Vi godtar også at du ber om sletting i eit brev der ektepakta er godt nok identifisert med namn og fødselsnummer for begge, og gjerne dagboknummer.
  • Du må bekrefte at buet er oppgjort.
  • Om de er skilt, må du legge ved kopi av skilsmisseløyve.
  • Ved dødsfall må du legge ved kopi av dødsattest eller skifteattest.

Om det er tinglyst fleire ektepaktar, må du gjere dette for kvar enkelt av dei.

Det er nok at ein av dykk ber om å få slette ektepakta. Advokat kan også be om sletting på vegner av ein eller begge partane. Arvingar kan også be om sletting.

Om de aldri inngjekk ekteskap, må du legge ved ei stadfesting frå Folkeregisteret som viser at de ikkje har vore gift med kvarandre.

Send forespørselen om sletting til

Brønnøysundregistera
Ektepaktregisteret
Postboks 905
8910 Brønnøysund

Endring av tidlegare inngått ektepakt

Om de fortsatt er gift og ønsker å opprette felleseige på nytt, må de opprette ei ny ektepakt. Det må de også gjere om de ønsker å endre eller supplere ei ektepakt. Det er ikkje mogleg å slette ei ektepakt om ekteskapet eller partnarskapen ikkje er avslutta.