Pant i driftstilbehøyr
Sist oppdatert: 2. mai 2025.
Næringsdrivande kan pantsette driftstilbehøyr som blir brukt i drifta av næringsverksemda.
Pant i driftstilbehøyr blir tinglyst på eigaren sitt fødselsnummer (enkeltpersonføretak) eller organisasjonsnummer i Lausøyreregisteret for å få rettsvern.
- Maskiner, reiskapar, innbu og anna utstyr
- Rett til varemerke, patent, design, kretsmønster for integrerte kretsar og planteforedlarrett og erverva opphavsrett, irekna utøvande kunstarar si framføring av eit verk
- Undersøkingsrett etter lov av 19. juni 2009 om erverv og utvinning av mineralressurser
Panterett i driftstilbehøyr omfattar ikkje fast eigedom og realregistrerbart lausøyre (lausøyre som kan registrerast i eit realregister), og heller ikkje ting som kan pantsettast som motorvogn/anleggsmaskin, landbrukslausøyre eller fiskereiskapar.
Driftstilbehøyret må pantsettast i sin heilskap, slik det er til ei kvar tid. Enkelte einingar av driftstilbehøyret, for eksempel berre inventaret eller ei enkelt maskin, kan ikkje pantsettast aleine.
Dersom verksemda består av fleire avdelingar som er driftsmessig adskilte, kan driftstilbehøyret for den enkelte avdelinga pantsettast for seg. Eksempel på driftsmessig adskilt del kan vere ei verksemd som driv butikkar på ulike lokasjonar.
Pantsettaren kan skifte ut eller selje det pantsatte driftstilbehøyret så langt det er i samsvar med forsvarleg drift og ikkje vesentleg reduserer panthavaren si sikkerheit. Pantsettar kan altså forvalte driftstilbehøyret som ønska, så framt verdien av driftstilbehøyret ikkje blir påverka for mykje i negativ retning.
Som næringsdrivande reknast:
- Føretak registrert i Føretaksregisteret
- Sjukehus, pleieheim, skole, universitet, museum, idretts- eller fritidsinstitusjon og andre institusjonar av sosial, humanitær eller liknande art, sjølv om dei ikkje blir drivne med sikte på forteneste, i den utstrekning dette blir bestemt i forskrift.
Dersom føretaket ikkje er registrert i Føretaksregisteret, blir éin av følgende godtatt som dokumentasjon på næringsdrift:
- Signert stadfesting frå panthavar om at panthavar reknar pantsettar for å vere næringsdrivande
- Signert eigenerklæring frå pantsettar om at dei driv næringsdrift
For tinglysing av pant i driftstilbehør må du bruke godkjent blankett.
Pantedokumentet må innehalde:
- Pantsettar sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer
- Panthavar (kreditor) sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer. Dersom panthavar er utanlandsk person eller føretak skal namn og adresse i utlandet vere oppgtt.
- Beløpet det blir tatt pant for
- Om panteavtalen gjeld pantsetting av driftstilbehøyret i sin heilskap eller ein driftsmessig adskilt del av næringsverksemda
- Pantsettar si underskrift i original. Dersom blanketten går over fleire sider, skal pantsettar underskrive kvar side i avtalen.
Pantsettar skal signere dokumentet.
Dersom pantsettar er fysisk person, er det hen sjølv som skal signere.
Dersom pantsettar er ei verksemd, er det reglane for den enkelte organisasjonsforma som bestemmer kven som kan signere. For aksjeselskap er utgangspunktet at styret i fellesskap skal signere for selskapet. Dette gjeld så framt ikke annan signaturregel er meldt og registrert i Einingsregisteret/Føretaksregisteret.
Lausøyreregisteret sjekkar kven som har signaturrett etter opplysningane i Einingsregisteret/Føretaksregisteret. Vi godtar ikkje protokoll frå generalforsamling, styremøte, sameigarmøte eller liknande som viser val av styre eller signaturreglar som enda ikkje er meldt og godkjent i Einingsregisteret/Føretaksregisteret.
Det er mogleg å bruke fullmakt til signering, jf. tinglysingsforskrifta § 7 andre ledd.
Pant i driftstilbehøyr blir sletta når panthavar sender inn ei melding om sletting til oss. Dette skal skje når kravet er innfridd.
Panthavar kan, for å krevje sletting, sende inn det originale dokumentet med påteikning om sletting.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å slette rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant det gjeld
- stadfesting på at pantedokumentet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift
Merk at pantobligasjon alltid må slettast på originaldokumentet, om ikkje panthavar er bank eller finansinstitusjon med konsesjon etter finansføretakslova § 2-7.
Dersom vi ikkje får melding om sletting, vil pantet slettast 20 år etter registrering, når rettsvernstida for tinglysinga er ferdig.
Panthavar (kreditor) kan be om re-tinglysing av pantet. Rettsvernstida for tinglysinga blir da forlengd med nye 20 år. Dette gjer du ved å sende inn det originale dokumentet med påteikning om re-tinglysing.
Alternativt kan panthavar sende inn ei laus erklæring med melding om at hen ønsker å re-tinglyse rettsstiftelsen. Erklæringa må innehalde:
- dokumentnummer eller liknande, som tydeleg viser kva pant det gjeld
- stadfesting på at pantedokumentet ikkje er transportert til nokon andre
- original underskrift