Korrigering av tidlegare innsendt årsrekneskap
Sist oppdatert: 24. april 2025.
Som hovudregel er det ikkje tillate å endre ein årsrekneskap som er godkjent og registrert hos Rekneskapsregisteret, men det er likevel mogleg inntil fem månader etter innsendingsfristen.
Seinare enn fem månader etter innsendingsfristen er det unntaksvis også ei avgrensa moglegheit til å endre årsrekneskapen, men da må du legge ved dokumentasjon.
Dokumentasjon ved innsending av nytt årsrekneskap seinare enn fem månader etter innsendingsfristen
Dersom du gjorde feil ved første innsending, må du legge ved ei forklaring på kvifor du sender inn årsrekneskapen på ny og kva som var feil.
Du kan sende inn korrigert årsrekneskap dersom du ikkje har sendt inn årsrekneskapen for neste rekneskapsår, men da må du legge ved:
- ei rekneskapsmessig grunngiving på kvifor du har utarbeidd ein ny årsrekneskap
- ny generalforsamlingsprotokoll som viser at ny årsrekneskap er godkjent
- ny revisjonsmelding, dersom verksemda er revisjonspliktig
Rekneskapsregisteret vil vurdere om forklaringa er tilstrekkeleg etter at vi har fått den nye versjonen av årsrekneskapen med vedlegg.
Det er ei svært avgrensa moglegheit til å korrigere gamle årsrekneskap dersom du allereie har sendt inn årsrekneskapen for neste rekneskapsår.
Ikkje alle korrigeringar medfører at ny årsrekneskap skal utarbeidast og sendast inn.
Her er nokre årsaker som i seg sjølve ikkje gir grunnlag for å sende inn korrigert årsrekneskap:
- Rettsforlik og rettssaker etter at rekneskapen er fastsett. Endringar skal fortrinnsvis bli tatt med i neste årsrekneskap etter at saka har blitt rettskraftig.
- Rekneskapsførar eller revisor meiner å ha avdekt feil. Du må vise til kva feil det gjeld, ikkje kven som har avdekt dei.
- Generalforsamlinga eller årsmøtet er ikkje gjennomført. Generalforsamlinga eller årsmøtet skal godkjenne (fastsette) før han blir send inn til Rekneskapsregisteret. I årsrekneskapen du har sendt inn, går det fram at generalforsamlinga allereie har fastsett han. Rekneskapsregisteret legg til grunn at opplysningane som er sende inn stemmer med dei faktiske forholda.
- Du opplyser at du har sendt inn ein midlertidig rekneskap, Det er eit brot på rekneskapslova fordi rekneskapen ikkje skal sendast inn før han er ferdig.