Endre opplysningar for eit bustadbyggelag
Sist oppdatert: 2. januar 2026.
Hvis det skjer endringer på den informasjon som er registrert på boligbyggelaget, må du oppdatere opplysningene hos oss.
Her kan du sjå korleis du registrerer ulike opplysningar for bustadbyggelaget.
Du registrerer ny adresse ved å sende inn Samordna registermelding.
Ny forretningsadresse
Forretningsadressa til eit bustadbyggelag skal vere ei norsk gateadresse eller stadnamn.
Ved endring av adresse til ny kommune må vedtektene endrast. Generalforsamlinga må godkjenne ei slik endring.
Ved endring til ny kommune må du legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga
- oppdaterte vedtekter
Ny postadresse
Om du vil at posten skal bli send til ei anna adresse enn den registrerte forretningsadressa, kan du melde dette som postadresse.
Når generalforsamlinga har vald nytt styre, skal du melde dette i Samordna registermelding. Før opp heile styret sånn som det framstår etter valet, inkludert eventuelle varamedlemmer.
Nye styremedlemmer og varamedlemmer må stadfeste at dei tar på seg vervet, ved å signere i skjemaet.
Når du melder endring i styret må du legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtaket
Du registrerer ny dagleg leiar ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn.
Dagleg leiar må stadfeste at hen tar på seg rolla, ved å signere i skjemaet.
Dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet, må du legge ved protokoll frå styremøtet som viser tilsettinga
Når bustadbyggelaget endrar signatur, skal du melde dette i Samordna registermelding i Altinn.
Du må legge ved
- protokoll frå styremøtet eller generalforsamlinga som viser tildeling av signatur, dersom heile styre ikkje har signert i skjemaet.
Det må gå tydeleg fram at signatur er tildelt og om den er gitt i fellesskap eller kvar for seg.
Alle rolleinnehavarar kan melde eigen fråtreding ved å sende inn Samordna registermelding.
Alle rolleinnehavarar kan trekke seg frå si eiga rolla. Når du trekker deg, gir du avkall på alle rettar og plikter som rolla di har. Du kan gjere dette i Samordna registermelding i Altinn. Når vi har registrert dette, vil rolla di bli merka som avregistrert. Både du og bustadbyggelag blir varsla.
Når generalforsamlinga har vald ny revisor skal du melde dette til oss. Revisor må stadfeste at han tar på seg oppdraget.
Når du melder endring av revisor må du legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som viser vedtaket.