Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Små endringar i konkurstala

Publisert: 29. mai 2015

Talet på konkursar og tvangsavviklingar låg i januar på omtrent same nivået som i januar 2014.

I heile landet blei det registrert 465 konkursar og tvangsavviklingar i januar, mot 459 i same månad i fjor. Dette er ein auke på 1,3 prosent.

Fylkesvis varierer tala ein god del. For nokre fylke er månadstala på konkursar og tvangsavviklingar låge, noko som gir store prosentvise utslag. Sogn og Fjordane, kor talet auka frå tre til ti, blir notert for ein auke på 233,3 prosent. Buskerud har ein auke frå 14 til 32 konkursar og tvangsavviklingar, noko som gir 128,6 prosent auke.

Tilsvarande har ein del fylke nedgang i konkurstala: Størst i Hedmark med 57,1 prosent, og i Troms med 53,8 prosent.

 

Kva er konkurs og tvangsavvikling?

Konkurs blir opna når ein person eller eit selskap ikkje er i stand til å dekkje forpliktingane sine eller når aksjekapitalen for selskapet er oppbrukt.

Tvangsavvikling blir opna når eit selskap har meldt oppløysing, men ikkje har meldt endeleg sletting i Føretaksregisteret – eller når eit selskap etter fleire purringar frå Føretaksregisteret ikkje har meldt inn styremedlemmer, styreleiar, dagleg leiar og revisor. Eit selskap kan og tvangsoppløysast dersom det ikkje sender inn årsrekneskap.

Pressekontakt: Underdirektør ved Konkursregisteret, Karl-Erik Rørmark

Telefon 75 00 79 89 eller e-post: karl.rormark@brreg.no