Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Liten konkursnedgang i mars

Publisert: 29. mai 2015

Talet på konkursar og tvangsavviklingar gjekk ned med 5,1 prosent i mars, samanlikna med same månad i 2014. Tala auka i første kvartal.

Mars

I mars månad var talet på konkursar og tvangsavviklingar 5,1 prosent lågare enn i mars 2014. For heile landet blei det i mars registrert 521 konkursar og tvangsavviklingar, mot 549 i mars 2014.

Troms har størst auke, med 162,5 prosent høgare tal for mars i år. Nordland ligg 126,7 prosent høgare enn i tilsvarande månad i fjor, mens Sogn og Fjordane hadde 100 prosent auke.

Nokre fylke hadde færre konkursar og tvangsavviklingar, som Aust-Agder (minus 55,6 prosent), Hordaland (minus 52,6 prosent) og Oslo (minus 23,6 prosent).

Kvartalstala

I dei tre første månadene var det i heile landet ein auke i konkurstala på 0,7 prosent.

I heile landet blei det i første kvartal registrert 1 462 konkursar og tvangsavviklingar, mot 1 452 i same periode i fjor. Sogn og Fjordane hadde størst auke, med 141,7 prosent. I Nordland steig konkurstala med 63,3 prosent og i Telemark med 42,9 prosent.

I nokre fylke var det nedgang i konkurstala i første kvartal. Aust-Agder hadde ein nedgang på 31,4 prosent, Hedmark hadde 24,5 prosent færre og Oppland 22,2 prosent færre konkursar og tvangsavviklingar.

Kva er konkurs og tvangsavvikling?

Konkurs blir opna når ein person eller eit selskap ikkje er i stand til å dekkje forpliktingane sine eller når aksjekapitalen for selskapet er oppbrukt.

Tvangsavvikling blir opna når eit selskap har meldt oppløysing, men ikkje har meldt endeleg sletting i Føretaksregisteret, eller når eit selskap etter fleire purringar frå Føretaksregisteret ikkje har meldt inn styremedlemmer, styreleiar, dagleg leiar og revisor. Eit selskap kan og tvangsoppløysast dersom det ikkje sender inn årsrekneskap.