Fleire konkursar i august

Publisert: 1. september 2015

9,2 prosent auke i konkursar i august. Hittil i år er konkurstala på same nivå som i fjor.

I heile landet blei det i august registrert 403 konkursar og tvangsavviklingar, mot 369 i same månad i 2014. Dette gir ein auke på 9,2 prosent.

Dobling i Sogn og Fjordane

Størst auke var det i Sogn og Fjordane, kor konkurstalet blei fordobla, frå fire i fjor til åtte i årets august-månad. I Hordaland auka talet med 96,3 prosent, frå 32 til 63 konkursar og tvangsavviklingar siste månad. Hedmark hadde ein auke på 90,0 prosent, frå 10 til 19 konkursar og tvangsavviklingar.
Somme fylke opplevde likevel ein nedgang, som Vestfold, med 57,1 prosent færre konkursar og tvangsavviklingar, samanlikna med august 2014. østfold hadde ein nedgang på 52,4 prosent, Vest-Agder ein nedgang på 47,4 prosent.

Stabilt hittil i år

I løpet av årets åtte fyrste månader blei dei registrert 3 818 konkursane og tvangsavviklingane her i landet, mot 3 850 i den same perioden i fjor, ein nedgang på 0,8 prosent.
Det er monalege variasjonar frå fylke til fylke. Størst nedgang finn vi i Vestfold, med -17,6 prosent, Hordaland og Oppland, begge med -14,0 prosent og Oslo med -11,4 prosent. Sogn og Fjordane har hittil i år hatt ein auke på 44,2 prosent, Nordland ein auke på 31,0 prosent, og Telemark ein auke på 19,6 prosent i løpet av årets åtte fyrste månader.