Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Jobb hos oss

Sist oppdatert: 16. september 2019 .

Vil du jobbe på ein spennande arbeidsplass med mange jobbmoglegheiter og varierte arbeidsoppgåver? Velkomen til oss!

Ansatte ved Brønnøysundregistrene

Ledige stillinger

Stillingstittel Arbeidssted Søknadsfrist

Utfyllande informasjon:

Kven søker vi?

To personer ved bord

Vi søker etter personar som vil vere med på utviklinga av digitale tenester som forenklar dialogen med det offentlege for privatpersonar og verksemder. Vi lagar digitale løysingar som gjer det enklare for alle å ha noko med det offentlege å gjere. Til dette treng vi ulik kompetanse, for eksempel:

  • IT-kompetane innanfor systemutvikling, drift og forvaltning, sikkerheit og test
  • Forvaltningsinformatikk, informasjonsforvaltning
  • Arkitektur (eks; verksemdarkitektur, forretningsarkitektur, teknisk arkitektur, løysingsarkitektur)
  • Visuell kommunikasjon, UX-design, interaksjonsdesign, tenestedesign
  • Prosjekt- og prosesskompetanse
  • Juss
  • Samfunnsvitskap, samfunnsøkonomi, statsvitskap

Brønnøysundregistera har også lærlingplassar innan kontorfag og IKT.

 

Korleis søke?

Når du søker er det viktig at du fortel noko om deg sjølv, kvifor du har lyst til å jobbe hos oss og kva motivasjon du har for stillinga. Det er også viktig at du legg ved relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Alle som blir kalla inn til intervju blir bedne om å ta med originale vitnemål og attestar eller bekrefta kopiar.

Ta vare på stillingsutlysinga. Når søknadsfristen er gått ut, forsvinn utlysingsteksten frå nettet.

Tilbakemelding

Straks du har søkt på stilling hos oss, får du ein e-post med ei stadfesting på at søknaden din er mottatt. Etter at søknadsfristen er gått ut, blir alle søkarane vurdert, før dei som er aktuelle for intervju blir kontakta.

Først når tilsettingsprosessen er over blir det sendt ut ein e-post om at det er gjort ei tilsetting og kven som har fått den.

Offentleg søkarliste

Vi utarbeider ei offentleg søkarliste. Ho gir informasjon om namn, kjønn, bustadkommune og alder på alle søkarane på stillinga. Det er svært strenge krav for å sleppe og vere med på ei slik liste. Ønsker du at namnet ditt ikkje skal førast opp på lista, må du krysse av og grunngi dette når du søker. Dersom vi ikkje kan godta ønsket ditt, har du moglegheit til å trekke deg frå prosessen.

Utvida søkarliste

Alle søkarar har rett til å be om innsyn i utvida søkarliste. Den inneheld informasjon om namn, alder, utdanning og arbeidserfaring for alle søkarane på stillinga. Det er ikkje mogleg å sleppe og stå på denne lista. Utvida søkarliste blir berre gjort tilgjengeleg for søkarane på stillinga.

Registrer CV-en din
Du kan legge inn CV-en din i CV-databasen vår. Når du har registrert CV-en din, kan du også abonnere på stillingsutlysingar. Varsel om stillingar vil da bli sendt til deg på e-post.

Studentar og nyutdanna

IT-trainee – Kandidat Helgeland

Vi samarbeider med Kunnskapsparken Helgeland om traineestillingar innan IT systemutvikling, gjennom traineeprogrammet Kandidat Helgeland.

For å vere kvalifisert til å søke må du ha bachelor- eller mastergrad frå universitet/høgskule, ikkje ha meir enn tre års relevant arbeidserfaring etter enda studie, og ikkje vere eldre enn 32 år. Søknadsfrist er 1. mars.

Sommarjobb for IT- og juss-studentar

IT-studentar

Kvar sommar tar vi inn to IT-studentar som har fullført minimum andre året av ei bachelorutdanning eller tredje året i ei masterutdanning. Som student får du interessante og relevante utviklingsoppgåver der du blir sett saman med erfarne utviklarar som rettleiar og jobbar saman med deg i team. Oppgåvene blir løyst ved bruk av moderne teknologi.

Jus-studentar

Kvar sommar tar vi inn to jus-studentar som har fullført tredje avdeling av ein master i rettsvitskap.

Du får jobbe med reelle juridiske problemstillingar, og intern og ekstern juridisk rådgiving innanfor Brønnøysundregistera sine juridiske fagområde.

Vi hjelper med å skaffe bustad under opphaldet for utanbys søkarar, og husleiga og reisekostnader tur/retur Brønnøysund – studiestad blir dekt av oss.

Bachelor-/masteroppgåve

Skal du skrive bachelor-/masteroppgåve? Brønnøysundregistera kan ha fleire aktuelle tema å skrive om, for eksempel innan:

  • IT/IKT
  • PR, medievitskap, journalistikk, samfunns- og statsvitskap, kommunikasjon
  • Interaksjonsdesign
  • Kundeservice, marknad, forretningsstrategi eller liknande
  • Samfunnsgeografi, samfunnsvitskap
  • HR, personaladministrasjon, administrasjon og leiing

Har du spørsmål, ta kontakt med ann.johnsen@brreg.no eller kari.tveramo@brreg.no

Møt oss på stand

Vi er til stades på karriere- og rekrutteringsdagar på utdanningsinstitusjonar over heile landet. Vil du vite meir om arbeidsplassen vår, jobbmoglegheiter, dei faglege utfordringane våre og kva vi kan tilby, så kom og snakk med oss.

I 2019 kan du treffe oss på følgande stader:

  • 4. februar, IT-dagen, NTNU Gjøvik
  • 9. februar, IT-dagane, NTNU Gløshaugen
  • 12. september, Arbeidslivsdagen, Universitetet i Tromsø
  • 10. oktober, dagen@ifi, IT-dag, Universitetet i Oslo
Rekruttering

IT-dagane NTNU 2018

Dette tilbyr vi

Vi tilbyr deg ein jobb i eit utfordrande fagmiljø, der du blant anna kan bidra til forenklingsarbeidet som kjem heile Noreg til gode. Du kan bidra med din kompetanse innan mange spennande fagområder, og får ta del i eit godt og kollegialt arbeidsmiljø.

Gode for tilsette

Gunstig arbeidstidsordning

Vi tilbyr fleksibel arbeidstid med gunstige moglegheiter for å avspasere. Vi har sommartid (kl. 8-15) frå 15. mai til 14. september.

Permisjon

Vi har gode ordningar for omsorgs- og velferdspermisjon, med og utan løn. Det er også mogleg å få permisjon til studiar og vidareutvikling.

Pensjons- og forsikringsordning

Alle tilsette er medlem av Statens pensjonskasse og nyt godt av dei avtalar og gode som følger av medlemsskapet. Dette er ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg, og det blir trekt to prosent av brutto løn til obligatorisk premieinnskot.

Du er også forsikra gjennom Statens pensjonskasse si gruppelivs- og yrkesskadeforsikring. Det betyr at du som tilsett er forsikra om du blir utsatt for ein yrkesskade eller får ein yrkessjukdom. Dine næraste er også forsikra ved at det blir utbetalt eit eingongsbeløp om du døyr.

Moglegheiter for lån

Gjennom medlemsskapet i Statens pensjonskasse får du tilgang til eit av marknadens beste bustadlån. Du kan også få kortsiktige lønslån ved Brønnøysundregistera om du skulle ha behov for det.

Trimrom/badstue

I lokala til Brønnøysundregistera har du tilgang til gratis trimrom og badstue.

Velferdskomité/bedriftsidrettslag

Vi har ei aktiv velferdsforeining som arrangerer ulike aktivitetar i løpet av året, anten i arbeidstida eller på fritida, for eksempel grill-lunsj på sommaren, julebord, quiz, skiturar til Sverige eller eigne tiltak for nye tilsette.

Bedriftsidrettslaget har ulike aktivitetar, blant anna innebandy, fotball og svømming.

Hjelp til å finne bustad/flyttegodtgjersle

Om du som ny tilsett treng bustad, kan vi hjelpe deg med å finne dette. I nokre tilfelle kan vi også gi flyttegodtgjersle, ta kontakt med tilsetting@brreg.no ved spørsmål om dette.

Arrangement for nye tilsette

Vi har fleire tiltak for å få nye tilsette til å trivast hos oss, blant anna eit årleg arrangement for nye tilsette. Velferdskomiteen har også aktivitetar for nye tilsette.

Utviklingsmoglegheiter

God kompetanseutvikling og læring er sentralt for at BR skal ha den naudsynte kompetansen for å nå både kortsiktige og langsiktige mål. Kompetanse og læring er derfor eit sentralt satsingsområde i vår overordna personalstrategi. Målet er at vi skal ha riktig kompetanse på rett stad slik at våre medarbeidarar kan levere både på kvalitet, effektivitet og innovasjon.

Utviklande og utfordrande arbeidsoppgåver bidrar til god fagleg læring og for oss er kunnskapsdeling i det daglege arbeidet ein viktig suksessfaktor. Samstundes har vi gode ordningar for kompetanseutvikling, både i forhold til prosjektarbeid og deltaking på kurs og seminar.

Stipendordning

Vi har ei svært god stipendordning der tilsette kan søke om økonomisk støtte til etter- og vidareutdanning. Det statlege regelverket gir også moglegheit for å ta ut studiedagar med løn i forbindelse med utdanning.

Bu i Brønnøysund

Brønnøysund er ein hyggeleg kystby midt i Noreg, heilt sør på naturskjønne Helgeland. Det er kort veg til fine naturopplevingar til lands, til fjells og i skjergarden. Byen har gode kommunikasjonar med fleire flyavgangar, blant anna direkte til Oslo og Trondheim.

Jente i kajakk. Foto: torgneseiendom.no

Skjergarden på Sør-Helgeland gir rike rekreasjonsmoglegheiter. Foto: torgneseiendom.no

Har du barn, er god barnehagedekning og eit godt skuletilbod viktig. I Brønnøy kommune er det eit godt oppvekstmiljø i trygge omgivnader. Brønnøy kommune har god barnehagedekning, du kan lese meir om dette på kommunen si nettside.

Andre gode ved å bu og arbeide i Brønnøy:

Få med deg nyheiter og ledige stillingar hos oss.