Send årsrekneskapen tidleg til Rekneskapsregisteret

Publisert: 2. juni 2017

Vi tilrår at du sender inn komplett årsrekneskap for rekneskapsåret 2016 så snart han er godkjend og klar for innsending, sjølv om siste frist for å unngå forseinkingsgebyr er 31. juli 2017. Tidleg innsending fører til at du får raskare tilbakemelding på om årsrekneskapen er godkjend.

Det er ikkje mogleg å søke om forlenging av innsendingsfristen.

I tillegg til å sende inn årsrekneskapen til oss, må du sende inn skattemelding og næringsrapport/næringsoppgåve til Skatteetaten.

Vi sender ut ei påminning til innsendingspliktige einingar som i slutten av juli framleis ikkje har levert årsrekneskapen for regnskapsåret 2016. Om ikkje e-postadressa i Altinn er korrekt, vil du ikkje få denne påminninga.