Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Forside bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Forside nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Opplysningar om europeiske verksemder i BRIS

Publisert: 7. desember 2020

Vi satsar nå på BRIS (Business Registers Interconnection system) som kanal for å hente ut opplysningar om europeiske verksemder.

Vi samhandlar stadig meir på tvers av landegrensene. Dette gjer at vi har meir behov for tilgang på informasjon om europeiske verksemder.

Kva er BRIS?

BRIS er eit system der alle medlemslanda i EU og Noreg, Island og Liechtenstein utvekslar informasjon om verksemder med kvarandre og omverda.

Alle har tilgang til å søke i EUS e-Justice-portal, du får for eksempel informasjon om organisasjonsform og kva register ho er registrert i. I tillegg kan du bestille dokument, slik som årsrekneskap og vedtekter.

Løysinga omfattar aksjeselskap, allmennaksjeselskap, norskregistrerte utanlandske selskap (NUF) og europeiske selskap. I tillegg utvekslar føretaksregistera opplysningar seg i mellom.

EU vidareutviklar BRIS og er snart klar med endå ein ny versjon.

– Når denne versjonen går på lufta, vil fleire opplysningar vere tilgjengelege i e-Justiceportalen, og vi vil også utveksle meir opplysningar mellom føretaksregistera, seier underdirektør Øyvind Vågan.

Vi trekker oss ut av EBR (European Business Register)

Brønnøysundregistera har fram til nå hatt to kanalar der du kan få tilgang på opplysningar om europeiske verksemder, EBR og BRIS. EBR er eit system der fleire land har gått saman for utveksling av informasjon, og Brønnøysundregistera har vore sentral i samarbeidet.

– Vi ser at fleire og fleire land går ut av EBR-samarbeidet, og satsar på BRIS som kanal for opplysningar over landegrensene, og Brønnøysundregistera vil gjere det same frå 1.1.2021, avsluttar Vågan.