Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Omtrent uendra konkurstal

Publisert: 8. januar 2018

I 2017 registrerte Konkursregisteret totalt 6 131 konkursar og tvangsavviklingar i heile landet, mot 6 065 året før.

Årsstatistikken frå Konkursregisteret viser at talet på konkursar og tvangsavviklingar gjekk opp med 0,3 prosent samanlikna med fjoråret. Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Finnmark var dei fylka som hadde den største auken i talet på konkursar og tvangsavviklingar, alle med ein auke på om lag 20 prosent. Vestfold og Sogn og Fjordane hadde ein auke på dette området på om lag10 prosent.

Hordaland var det fylket som hadde størst nedgang i talet på konkursopningar og tvangsavviklingar. Her var det om lag 10 prosent færre konkursar enn i 2016. Oslo hadde også ein nedgang, med om lag seks prosent.

Vi gjer merksam på at det for nokre fylke dreier seg om eit lågt tal konkursar og tvangsavviklingar. Små endringar i tala kan gi store prosentvise utslag.