LEI-tenesta til Brønnøysundregistera blir ikkje vidareført
Publisert: 16. desember 2016 - oppdatert: 16. desember 2016
Brønnøysundregistera vil ikkje skrive ut nye LEI (Legal Entity Identifier) frå 31.12.2016.
Alle som per 31.12.2016 har LEI registrert hos Brønnøysundregistera må i løpet av første halvår 2017 søke om flytting av forvaltinga av LEI-en sin til ein annan utskrivar. Kvar enkelt eining vil bli kontakta direkte.
LEI (Legal Entity Identifier) er ein global identifikator som blir brukt for å identifisere juridiske einingar som deltek i finansielle transaksjonar, og i samband med rapporteringar i finansmarknaden. Sidan sommaren 2014 har Brønnøysundregistera skrive ut og forvalta LEI i Noreg under den mellombels ordninga.
800 einingar har sidan starten søkt og fått skriven ut LEI i Noreg. Det er færre enn venta, og langt under det talet som skal til for å gjere arbeidet lønnsamt med gebyr på eit akseptabelt nivå. Dette heng blant anna saman med at ei rekke aktørar internasjonalt tilbyr LEI. Ein stor del av dei norske einingane som hittil har hatt behov for LEI, har allereie knytt seg til ein LEI-forvaltar utanlands. Dette vil norske einingar framleis kunne gjere, og det er ikkje behov for at Brønnøysundregistera vidarefører LEI-tenesta.
Mange andre land har ikkje eigne nasjonale ordningar, og til dømes tilbyr verken Danmark eller Sverige LEI-registrering nasjonalt.
Her finn du oversikt over tilgjengelege LEI-utskrivarar.
Vi gjer merksam på at ikkje alle som skriv ut LEI tilbyr registrering for norske einingar.