Søk


Velg språk



Forside bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Forside nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

Fleire startar verksemd, nedgang i konkurs

Publisert: 14. januar 2021 - oppdatert: 15. januar 2021

– Året har på mange vis vore krevjande for næringslivet, men faktisk var det positive endringar innan nyetableringar og talet på konkursar.

Illustrasjonsfoto. Foto: BUNDITINAY/Shutterstock.com

Det seier underdirektør Øyvind Vågan i seksjon næringsliv, som på vegner av Brønnøysundregistera har gått gjennom tala frå Føretaks- og Konkursregisteret for 2020.

Nye verksemder

Ved utgangen av 2020 var det totalt 488 799 føretak registrert i Noreg.
Når det gjeld aksjeselskap blei det i 2020 etablert 33 128 nye verksemder. Det er 9 prosent fleire samanlikna med 2019, opplyser Vågan. Der vi ser ein nedgang er i talet på norskregistrerte føretak i utlandet. Der er nedgangen 14 prosent samanlikna med året før, legg han til.

Nedgang i konkursar

I Konkursregisteret er talet på konkursar lågare i 2020 enn året før. I løpet av 2020 var det 4099 verksemder som avslutta aktiviteten sin, noko som samanlikna med 2019 utgjer ein nedgang på heile 18 prosent. Legg vi til tvangsavviklingar var det totalt 5476 verksemder som gjekk konkurs. Samanlikna med 2019 er dette ein nedgang på 13 prosent, opplyser Vågan.

Viktig kompensasjonsordning

Han merker seg at media gjer ei rekke analyser av året 2020, mykje basert på at næringslivet har utfordringar. Det som ser ut til å spele inn når det gjeld konkursar er blant anna at domstolane har hatt redusert drift og at Skatteetaten har sendt ut færre konkurskrav.
– 2020 har utan tvil vore eit år som har gitt store utfordringar for næringslivet. Regjeringa si kompensasjonsordning for næringslivet vil spele ei viktig rolle for framleis drift for mange verksemder framover, og det blir interessant å sjå utviklinga i 2021, avsluttar Vågan.

 

Vil du ha siste nytt frå oss rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrevet vårt.