Auke i konkurstala

Publisert: 2. januar 2017 - oppdatert: 2. januar 2017

Konkurstala for heile landet auka i 2016 med 4,9 prosent i forhold til i 2015.

Det blei registrert 6 065 konkursar og tvangsavviklingar i Noreg i 2016, mot 5 781 i 2015. Dette er ein auke på 4,9 prosent.

Blant fylka hadde Hordaland den største auken, med 25,8 prosent. I Vest-Agder auka konkurstala med 17,9 prosent og i Rogaland med 12,5 prosent.

Nokre av fylka hadde likevel ein monaleg nedgang i konkursar og tvangsavviklingar i året som gjekk. Størst nedgang var det i Sogn og Fjordane, som hadde 31,4 prosent færre konkursar og tvangsavviklingar i 2016, medan det i Nordland vart registrert 14,6 prosent færre enn året før.