Søk


Velg språk



Auka kompensasjon for januar og februar

Publisert: 22. mars 2021

For perioden januar-februar har kompensasjonsgraden auka frå 80 til 85 prosent.

Illustrasjonsfoto. Foto: arturasker/Shutterstock.

Måndag 15. mars opna kompensasjonsordninga for søknader for tilskotsperioden januar og februar 2021. For denne perioden er kompensasjonsgraden endra frå 80 til 85 prosent.

Nærings- og fiskeridepartementet har også bestemt at fristen for periodane frå september – desember til og med januar-februar blir forlenga til 15. juni 2021.

– Utvidinga gjer at revisorar og rekneskapsførarar har betre tid til å behandle søknader enn med den opphavlege fristen som var 14. mars, seier prosjektleiar Are Trælvik.

Mogleg å korrigere søknad

Søkarar som oppdagar at søknaden har feil eller manglar informasjon etter føretaket har fått innvilga søknaden, må sende inn ein ny søknad. Fleire verksemder har brukt moglegheita til å korrigere allereie sendte søknader, etter at det blei opna for dette tidlegare i mars.

Det er alltid den sist sendte søknaden som gjeld. Har verksemda allereie fått utbetalt tilskot, vil differansen enten bli utbetalt eller det vil bli sendt ein faktura. Sjå meir på kompensasjonsordninga sine nettsider.

Digitalt førsteval

Dei som skal søke om stønad finn informasjonen dei treng på nettsidene til kompensasjonsordninga, blant anna ein kalkulator der dei kan berekne tilskot. Rettleiingstenesta hjelper dei som ønsker meir informasjon enn det dei finn på nettsidene. Sidan opninga i januar har rundt 300 brukt kalkulatoren kvar dag. På telefon var det dagleg nærare 100 som tok kontakt i starten, men sidan har det gått ned til 50-60 førespurnader om dagen.

– Vi har relativt låg trafikk på telefonen, så det ser ut til at dei aller fleste finn det dei treng av informasjon på nettsidene. Da det blei opna for søknader for januar-februar såg vi heller ingen auke i førespurnader. Årsaka til dette må vere at dei som var tidleg ute og søkte har gjort dette før og trong derfor ikkje rettleiing, seier Håvard Kvernelv, ansvarleg for rettleiing i kompensasjonsordninga.

Sjå kontaktinformasjon om ordninga.

Opplysningar om konsern

I innsynsløysinga kan du no også sjå opplysningar om konsern, blant anna om verksemda inngår i eit konsern og samla tilskot til konsernet.

Til no har fleire enn 8500 verksemder fått tilskot gjennom ordninga. For perioden januar-februar er det så langt blitt gitt 1400 tilskot. Sjå kven som har fått stønad.

 

Vil du ha nyheter fra oss rett i innboksen? Meld deg på vårt nyhetsbrev.