Språk
Søk
Meny

Søk


Velg språk



Bokmål

Alt innhold er tilgjengelig på bokmål

Nynorsk

Noko av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk

27 918 nye aksjeselskap i 2016

Publisert: 3. januar 2017

Det blei registrert 27 918 nye aksjeselskap i 2016, mens det tilsvarande talet for 2015 var 26 706.

Dette utgjer ein vekst på omtrent same nivå som i fjor.

Det var fleire sletta AS i Føretaksregisteret i forhold til det førre året. Talet på sletta AS var 14 494 i 2016, mot 13 484 året før.

Den totale bestanden av aksjeselskap var ved utgangen av året 291 082.

Talet på nye enkeltpersonføretak registrerte i Einingsregisteret i 2016 var 33 533. Av desse var 5 084  registrerte i Føretaksregisteret.

Tendensen med stadig færre norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) held fram. Talet på nyregistrerte NUF minkar og talet NUF som blir sletta stig.