Trekk i inntekt (utleggstrekk)
Sist oppdatert: 19. november 2025.
Når namsmannen tar ei avgjerd om utleggstrekk, blir trekket registrert i Lausøyreregisteret.
Utleggstrekk betyr at namsmannen har tatt ei avgjerd om trekk i inntekt for å dekke eit uoppgjort pengekrav.
Trekket skal dekke ubetalt gjeld ein skyldnar har til ein kreditor. Det er namsmannen som avgjer om skyldnar skal trekkast i lønn eller trygd, og som bestemmer størrelsen på trekket. Når utleggstrekket er registrert, blir arbeidsgivar eller NAV pålagt å trekke ein fast sum månadleg frå skyldnar si lønn eller trygd.
Utleggstrekk blir bestemt utan at skyldnar treng å godta det sjølv, og skil seg slik frå frivillig pant.
Når det blir tatt utleggstrekk i lønn eller trygd, skal trekket registrerast i Lausøyreregisteret. Trekket blir registrert på skyldaren sitt fødselsnummer, og er berre tilgjengeleg for ein bestemt personkrets.
Opplysningar om utleggstrekk kan berre bli gitt til advokatar, finansinstitusjonar, inkassobyrå, føretak som driv kredittopplysningsverksemd etter kredittopplysningslova, og offentlege myndigheiter med teieplikt etter forvaltningslova eller anna lov.
Namsmannen sørger for at følgande opplysningar om utleggstrekk blir registrert i Lausøyreregisteret:
- saksøkte (skyldnar) sitt namn og fødselsnummer/d-nummer
- saksøkar (kreditor) sitt namn og fødselsnummer/d-nummer eller organisasjonsnummer
- prosessfullmektige sitt organisasjonsnummer, fødselsnummer/d-nummer eller namn og adresse
- kva namsmann som har avgjort utleggstrekket
- namsmannen sitt saksnummer
- dato for når det blei halde utleggsforretning
- start og slutt på trekkperioden, dersom slik periode er fastsett
Utleggstrekket blir sletta når trekkperioden er ferdig, eller når namsmannen avgjer å oppheve utlegget. Dette skjer for eksempel når kravet på anna vis er innfridd, eller dersom saksøkar gir avkall på retten sin etter utleggsforretninga.
Det er gebyrfritt å tinglyse utleggstrekk.
Ofte stilte spørsmål
Det er namsmannen som avgjer at du skal trekkast i inntekt, og som avgjer størrelsen på trekket. Dersom du er ueinig i utleggstrekket må du kontakte namsmannen.
Dersom det er registrert ei avgjerd om utleggstrekk på deg som du meiner skulle vore sletta, må du ta kontakt med prosessfullmektig, og be dei melde frå til namsmannen om at saka skal slettast.
Når vi får slettemelding, blir utleggstrekket sletta same dag.
Kven som er saksøkar eller prosessfullmektig finn du ved å logge deg inn på Mi side på brreg.no.
Når eit utleggstrekk blir sletta i Lausøyreregisteret, skal det også bli sletta hos kredittopplysningsverksemdene.
Dersom utleggstrekket er sletta hos oss, men ikkje hos kredittopplysningsverksemdene, må du ta kontakt med dei aktuelle kredittopplysningsverksemdene og be dei slette opplysningane dei har registrert hos seg.
Kva som er registrert på deg i Lausøyreregisteret, finn du på Mi side på brreg.no.
Verksemder som driv kredittopplysningsverksemd, kan hente opplysningar som er relevante for kredittvurderingar frå Lausøyreregisteret.
Det er den enkelte kredittopplysningsverksemda som avgjer om opplysningane kan bli utleverte til ein annen mottakar, for eksempel ein bank som skal vurdere kredittevna di i samband med eit låneopptak.
Dersom kredittopplysningsverksemda gir ut opplysningar om deg som privatperson, skal du få ein gjenpart om utleveringa av opplysningane.
Sjølv om opplysningane opphavleg blei henta frå Lausøyreregisteret, er det den enkelte kredittopplysningsverksemda som er behandlingsansvarleg for opplysningane når desse blir delte vidare med tredjepartar. Lausøyreregisteret har ikkje informasjon om denne delinga.
Sjølv om gjenpartsbrev viser til opplysningar frå Brønnøysundregistera og/eller Lausøyreregisteret, er det likevel kredittopplysningsverksemda du må ta kontakt med dersom du har spørsmål.
For å få sletta utleggstrekket må hen ta kontakt med namsmannen, og be dei slette det.