Søke om ettergiving av dagbøter (tvangsmulkt) for reelle rettshavarar
Sist oppdatert: 20. april 2026.
Det er berre i spesielle tilfelle at søknadar om tilbakebetaling blir godkjente.
Verksemder som har fått dagbøter fordi dei har fått melding om moglege feil i registeret og ikke har sendt inn nytt skjema innan fristen, kan søke om tilbakebetaling av dagbøter.
Det er ikkje mogleg å søke om tilbakebetaling dersom dagbøtene gjeld manglande førstegangsregistrering av reelle rettshavarar
Når kan verksemda søke om tilbakebetaling?
Når dagbøtene er stoppa og fastsett, kan verksemda søke om tilbakebetaling.
For å stoppe dagbøtene må du sende inn skjemaet Registrere reelle rettshavarar i Altinn.
Dagbøtene stoppar også dersom verksemda:
- blir sletta etter å ha sendt inn Samordna registermelding i Altinn
- er kravd konkurs i tingretten
- for NUF – blir sletta i Føretaksregisteret, gjeld for dei som ikkje har plikt til å vere registrert i Føretaksregisteret
- er under tvangsoppløysing eller tvangsavvikling
Verksemda må betale dagbøtene sjølv om ho søker om tilbakebetaling. Dersom søknaden blir innvilga, vil beløpet bli tilbakebetalt (ettergitt) heilt eller delvis.
Søknaden må sendast inn til oss innan eitt år etter at verksemda har mottatt varsel om dagbøter i Altinn.
Kva må søknaden innehalde?
Du må sende inn ein skriftleg søknad der du
- forklarer kvifor verksemda ikkje har sendt inn nytt skjema om reelle rettshavarar innan fristen
- dokumenterer årsakene du legg til grunn
Vilkår for ettergiving
Vilkåra for å få tilbakebetalt dagbøtene er:
For at vilkåret kan føre til ettergiving, må søkar:
- dokumentere at det oppsto uventa forhold som var utanfor hen sin kontroll i rolla som ansvarleg for verksemda
- ha gjort alt som var mogleg for å overhalde innsendingsplikta
Det må vere samanheng mellom det som har skjedd og at skjemaet ikkje blei sendt innan fristen.
Vilkåret gjeld når det blir heilt urimeleg å oppretthalde dagbøtene. Dette skjer berre i svært spesielle tilfelle.
Vilkåra er strenge og det er vanskeleg å få ettergitt dagbøtene. Det er berre i spesielle tilfelle at vi kan ettergi dagbøtene heilt eller delvis.
- akutt eller alvorleg sjukdom
- datahavari
- brann
- tyveri
- vankunne om lover og reglar som gjeld
- alder
- sjukdom hos berre éin når det er fleire med roller i verksemda
- når styrevervet er ein formalitet
- ikkje mottatt påminning om å sende inn skjemaet
- lita eller inga drift i verksemda
- at verksemda er under avvikling
- at verksemda har eit velgjerande formål, blir driven på dugnad eller ikkje driv næring
- misforståing og andre interne forhold mellom verksemda og hennar regnskapsførarar eller revisorar, eller andre som jobbar med identifisering av reelle rettshavarar på vegner av verksemda
- dårleg økonomi i verksemda
- at tvangsmulkta er urimeleg stor
- arbeidspress
- tekniske problem med interne program i verksemda
Kvar skal du sende søknaden?
Søknaden sender du til:
Register over reelle rettshavarar
Postboks 900
8910 Brønnøysund
Dersom søknaden ikkje inneheld sensitiv informasjon, kan du sende han i kontaktskjemaet vårt.