Om Stønadsregisteret
Sist oppdatert: 9. januar 2026.
Stønadsregisteret er eit nasjonalt register for stønadsordningar og stønadstildelingar.
Hovudoppgåve
Registeret skal bidra til openheit og transparens rundt stønadsordningar som er statsstønad etter EØS-avtalen og tildelingar av stønad etter desse ordningane. Tildelinga må vere publisert i registeret for at stønaden skal vere lovleg.
Kva blir registrert?
Stønadsordningar som er statsstønad etter EØS-avtalen og enkelttildelingar på 100 000 euro, eller meir, etter ei slik ordning, skal meldast til Stønadsregisteret. Dersom stønadsgivar ønsker, kan også tildelingar under dette beløpet bli melde inn.
Frå 2026 skal alle tildelingar etter reglane om bagatellmessig stønad og bagatellmessig stønad til føretak som utfører tenester av allmenn økonomisk betydning registrerast, uansett størrelse på stønadsbeløpet.