Full tilgang til Einingsregisteret
Sist oppdatert: 30. juli 2024.
Vi gir både private og offentlege aktørar full maskinell tilgang til Einingsregisteret.
Offentlege aktørar har gratis tilgang til Einingsregisteret, mens private aktørar må betale for å få tilgang til den same tenesta.
I dag er alle offentlege etatar pålagde å gjenbruke og samordne opplysningar frå Einingsregisteret.
For private aktørar er det ein årleg pris på kr. 100 000,- i faste avgifter. I tillegg kjem kr 1,- pris per oppslag for
- basisdata
- roller
- prokura
- konsern
- fleire bedrifter/verksemder
- ei bedrift/verksemd
Rolleoversikt kostar kr 10,-.
Beløpa vil bli fakturerte årleg og halvårleg.
Du må sjølv utvikle applikasjonane som skal importere data frå Einingsregisteret. Vi bidrar ikkje med teknisk bistand på dette området, men kan gi fagleg rådgiving når det gjeld bruk av grunndata frå Einingsregisteret.
Send oss ein e-post for å få tilsendt avtaler.
Etter å ha teikna avtale vil du få tildelt brukarnamn og passord som du må nytte til oppkopling av løysinga.
For meir informasjon om tenestene, ta kontakt med oss på e-post.