Roller i eigarseksjonssameige
Sist oppdatert: 29. mai 2026.
Pliktige roller i eit eigarseksjonssameige er styre.
Forretningsførar, rekneskapsførar, signatur og prokura er roller du kan velje å registrere.
Eigarseksjonssameige har vilkårsbunden revisorplikt. Dette kan du lese meir om under revisor.
Styret i eit eigarseksjonssameige skal i utgangspunktet bestå av ein styreleiar og to styremedlemmer som vert valde av årsmøtet. Hvis styret skal bestå av eit anna tal styremedlemmer, skal det gå fram av vedtektene. Årsmøtet kan også bestemme om dei skal velje varamedlemmer.
Protokollen frå årsmøtet skal minst innehalde
- namnet på sameiget som heldt møtet
- når og kor møtet blei halde
- kor mange sameigarar som var representerte
- stadfesting om at møtet godkjente innkallinga
- oversikt over kva for vedtak som er gjorde
- kven som er valde inn i styret:
For- og etternamn på personane som er valde inn og kva rolle dei skal ha
Protokollen skal vere underskriven av møteleiar og ein annan som var til stades på møtet.
Det er ingen krav til vedlegg, du dokumenterer styrevalet ved å erklære i skjema at:
- styret er gyldig valt av årsmøtet, og
- det finst ein protokoll som viser siste valte styre og at dette er i samsvar med det som er meldt i skjemaet
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krevje å få protokollen tilsendt, både under utfyllinga av skjemaet og på eit seinare tidspunkt.
Styremedlemmene og varamedlemmene må stadfeste at dei tar på seg vervet, ved å signere i skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn.
Hovudregelen er at styret i fellesskap har signaturrett. Årsmøtet kan tildele signaturrett til to eller fleire styremedlemmar i fellesskap. Dette må gå fram av vedtektene. Annan signaturregel kan ein ikkje vedta.
Det er ingen krav om vedlegg, du dokumenterer signaturretten ved å erklære i skjemaet at:
- signaturrett er gyldig vedtatt av sameiget sitt årsmøte
- det finst ein protokoll som viser siste vedtatte signaturrett og at det er i samsvar med det som er meldt
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krevje å få protokollen tilsendt på eit seinare tidspunkt.
Eit eigarseksjonssameige med 21 eller fleire seksjonar har plikt til å ha revisor.
Revisor blir vald av årsmøtet og må stadfeste i skjemaet Registrering i Einingsregisteret og Føretaksregisteret i Altinn, at hen tar på seg oppdraget.
Skal du melde revisor, og sameiget er registrert i Føretaksregisteret, må du dokumentere opplysninga ved å erklære i skjemaet at:
- revisor er engasjert av kompetent organ
- det finst dokumentasjon som viser sist engasjerte revisor og at det er i samsvar med det som er meldt
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krevje å få dokumentasjonen tilsendt på eit seinare tidspunkt.
Eit eigarseksjonssameige kan velje om det skal ha rekneskapsførar.
Dersom sameiget har rekneskapsførar, skal denne rekneskapsføraren registrerast. Det er berre mogleg å registrere autoriserte rekneskapsførarar som er registrerte i Rekneskapsførarregisteret.
Skal du melde rekneskapsførar, og sameiget er registrert i Føretaksregisteret, må du dokumentere opplysninga ved å erklære i skjemaet at:
- rekneskapsførar er engasjert av kompetent organ
- det finst dokumentasjon som viser sist engasjerte rekneskapsførar og at det er i samsvar med det som er meldt
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krevje å få dokumentasjonen tilsendt på eit seinare tidspunkt.