Endre opplysningar for eit eigarseksjonssameige
Sist oppdatert: 26. februar 2026.
Dersom du ønsker å gjere endringar for eit eigarseksjonssameige, kan du gjere dette ved å sende inn Samordna registermelding.
Du registrerer nytt namn på eigarseksjonssameiget ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn.
Det nye namnet blir bestemt av årsmøte.
Du må legge ved
- protokoll frå årsmøte som viser vedtaket om endring av namn
Ved registrering i Føretaksregisteret må du også
- legge ved nye vedtekter der det nye namnet er tatt inn
Du registrerer nytt styre ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn.
Før opp heile styret sånn som det framstår etter valet, inkludert eventuelle varamedlemmer. Nye styremedlemmer og eventuelle varamedlemmer må stadfeste at dei tar på seg vervet, ved å signere i skjemaet.
Årsmøtet vel styret.
Det er ingen krav vedlegg, du dokumenterer styrevalet ved å erklære i skjema at:
- styret er gyldig valt av årsmøtet, og
- det finst ein protokoll som viser siste valte styre og at dette er i samsvar med det som er meld i skjemaet
Brønnøysundregistera kan ta stikkprøver og krevje å få protokollen tilsend, både under utfyllinga av skjemaet og på eit seinare tidspunkt.
Når eigarseksjonssameiget endrar signatur, skal du melde dette i Samordna registermelding i Altinn.
Du må legge ved
- protokoll frå årsmøtet som viser tildeling av signatur
- oppdaterte vedtekter som inneheld signaturregelen
Du endrar revisor ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn.
Revisor må veljast av årsmøtet og stadfeste i skjemaet at han tar på seg vervet.
Du må legge ved
- protokoll frå årsmøtet som viser vedtaket
Du endrar rekneskapsførar ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn.
Rekneskapsførar må stadfeste i skjemaet at hen tar på seg oppdraget.
Er eigarseksjonssameiget registrert i Føretaksregisteret, må du legge ved dokumentasjon som viser at meld rekneskapsførar er engasjert, dersom ikkje heile styret har signert i skjemaet.
Eigarseksjonssameige som berre er registrert i Einingsregisteret
Eigarseksjonssameie som berre er registrert i Einingssregisteret skal ikkje sende inn nye vedtekter når desse er endra. Dersom endringane i vedtektene gjeld namn, matrikkelnummer, antal styremedlemmer eller signaturrett, skal de registrere dette i Samordna registermelding i Altinn.
Eigarseksjonssameige som er registrert i både Føretaksregisteret og Einingsregisteret
Det er berre eigarseksjonssameige registrerte i Føretaksregisteret som må sende inn nye vedtekter når desse er endret.
Dette gjer du i Samordna registermelding i Altinn.
Du må legge ved:
- protokoll frå årsmøtet som viser vedtaket om å endre vedtektene
- nye vedtekter der dei nye reglane er tatt inn
Kva register eigarseksjonssameiget er registrert i, finn du i verksemdopplysningar.
Alle rolleinnehavarar kan trekke seg frå si eiga rolla. Når du trekker deg, gir du avkall på alle rettar og plikter som rolla di har. Du gjer dette i Samordna registermelding i Altinn. Når vi har registrert dette, vil rolla di bli merka som avregistrert. Både du og eigarseksjonsameiget blir varsla.