Sletting av allmennaksjeselskap
Sist oppdatert: 4. juli 2023.
Sletting av eit allmennaksjeselskap melder du i to trinn.
Først melder du oppløysing. Når kreditorfristen på seks uker er ute, kan du melde sletting.
Hovudregelen er at generalforsamlinga avgjer at selskapet skal oppløysast.
Det er ikkje sett ein absolutt frist for når du må melde oppløysinga til Føretaksregisteret, men ifølge allmennaksjelova skal dette skje raskt.
Det er styret som tar seg av avviklinga, så når selskapet er avgjort oppløyst trer styret inn i staden for dagleg leiar.
Du må legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som viser avgjerd om oppløysing
Generalforsamlinga avgjer at selskapet skal slettast. Dette kan dei gjere etter at kreditorfristen på seks veker er ute.
Ved avgjerd om sletting må generalforsamlinga godkjenne det endelege reviderte sluttoppgjeret.
Ver oppmerksam på at sletting må vere meldt til Føretaksregisteret seinest eitt år etter registreringa av oppløysingsavgjerda. Går det lenger tid kan tingretten overta avviklinga.
Du må legge ved
- protokoll frå generalforsamling som viser at det reviderte sluttoppgjeret har blitt godkjent
Generalforsamlinga kan gjere om avgjerd om oppløysing, dersom selskapet ikkje har foretatt utdeling eller har for låg eigenkapital.
Du må melde omgjeringa til Føretaksregisteret raskt.
Ved omgjering må generalforsamlinga også velje styre og/eller revisor, dersom dette ikke finst frå før.
Du må legge ved
- protokoll frå generalforsamling som viser avgjerd om omgjering av oppløysing og eventuelt val av styre og/eller revisor