Fråval av revisjon
Sist oppdatert: 16. juli 2025.
Enkelte aksjeselskap kan velje at årsrekneskapen til selskapet ikkje skal reviderast. Dette kallar vi fråval av revisjon.
Fråvalet gjeld ikkje før det er registrert i Føretaksregisteret.
Du må sende inn årsrekneskapen sjølv om han ikkje skal reviderast.
Når årsrekneskapen frå i fjor er godkjent av generalforsamlinga.
Da veit generalforsamlinga om krava for fraval er oppfylte:
- driftsinntektene er lågare enn 7 millioner kroner
- balansesummen er lågare enn 27 millioner kroner
- gjennomsnittleg antal tilsette ikkje overstig 10 årsverk
Aksjeinnskotet ved stiftelsen må vere mindre enn 27 millionar kroner dersom selskapet ikkje skal revidere den første årsrekneskapen.
Når årsrekneskapen for i fjor ikkje er godkjent av generalforsamlinga.
Det kan heller ikkje bli vedtatt dersom selskapet
- driv med apotek- eller advokatverksemd
- er godkjent som medhjelpar etter pengespillforskrifta
- er morselskap i konsern og konsernet i sin heilskap har
- driftsinntekt som er 7 millioner kroner eller meir
- balansesum på kroner 27 millioner eller meir, eller
- fleire enn 10 årsverk
- er under tilsyn av Finanstilsynet
- er pålagt revisjon av liknings- eller avgiftsmyndigheitene
Du må melde fråval av revisjon i Samordna registermelding. Legg ved generalforsamlingsprotokoll frå inneverande år som viser at selskapet har vedtatt fråval av revisjon.
Om fjorårets årsrekneskap ennå ikkje er send inn til Rekneskapsregisteret, må du også legge ved protokoll frå ordinær generalforsamling som viser at årsrekneskapen er godkjent.
Du må straks sende inn melding til Føretaksregisteret. Meldinga må vere mottatt hos oss få dagar etter generalforsamlinga sitt vedtak.
Fråval av revisjon som blei bestemt før årsskiftet må seinast vere mottatt hos oss innan utgangen av januar året etter.
Fråvalet gjeld for inneverande rekneskapsår eller seinare når det er registrert i Føretaksregisteret.
Det er ikkje lov å vedta fråval av revisjon for tidlegare rekneskapsår.