D-nummer

Sist oppdatert: 10. april 2018 .

D-nummer er eit nummer som kan tildelast utanlandske personar som ikkje har norsk fødselsnummer, men har bruk for d-nummer i samband med behov for identifisering overfor norske myndigheiter. Berre personar som skal opphalde seg i Noreg mindre enn seks månader kan tildelast d-nummer.

Vi kan rekvirere d-nummer frå Personregisteret berre i dei tilfella det er behov for d-nummer i samband med registrering i eit av registera våre.

På grunn av krav til kontroll av legitimasjonsdokument ved tildeling av d-nummer, må søknad sendast inn på papir. Søknad skal sendast inn saman med registreringsdokument for aktuelt register, for eksempel Samordna registermelding. Saman med søknaden må du leggje ved original stadfesta kopi av gyldig legitimasjonsdokument, for eksempel pass, med stempel og underskrift av den som har teke kopien. Vi kan med andre ord ikkje godta kopi av stempel og underskrift.

 

Kven kan stadfeste kopi?

Kopi kan bli stadfesta av

  • norsk offentleg myndigheit
  • nordisk politimyndigheit
  • norsk advokat
  • norsk statsautorisert/registrert revisor
  • norsk autorisert rekneskapsførar
  • nordisk ambassade
  • utanlandsk eining med notarialkompetanse
Kva skal legitimasjonsdokumentet innehalde?

Legitimasjonsdokument skal innehalde

  • namn
  • fødselsdato
  • bilete
  • kjønn
  • statsborgarskap
  • utløpsdato

Normalt vil det vere pass og nasjonalt ID-kort som inneheld dei nødvendige opplysingane nemnd ovanfor.

Det er viktig at kontrollinene nedst i passet visast på passkopien. Bakside på ID-kort inneheld som oftast kontrolliner. Derfor må du også legge ved stadfesta kopi av baksida.

Etter hovudregelen skal legitimasjonsdokumentet vere utskrive av offentleg myndigheit.

Har du d-nummer frå før?

Om du har d-nummer frå før, skal du bruke dette ved registrering.

Har du ikkje tilgang til eller har spørsmål om d-nummeret ditt, kan du ta kontakt med Folkeregisteret hos Skatteetaten.

Skatteetaten sender ut ei stadfesting på d-nummeret ditt når dei har tildelt nummeret. Stadfestinga sender dei i posten til adressa du er registrert med i Folkeregisteret.