Kapittel 1: Årsmelding frå leiaren
Sist oppdatert: 29. april 2026.
For tillit og fornying av samfunnet
Les årsrapporten i sin heilskap her
2025 har vore preget av auka usikkerheit for norsk offentleg sektor. Strammare økonomiske rammer har kravd tydelegare prioriteringar og tøffare krav til effektiv ressursbruk. Samtidig har eit meir krevjande sikkerheitsbilde, rask teknologisk utvikling og nye europeiske reguleringar stilt høgare krav til både omstillingsevne og gjennomføringskraft. Forventningane frå innbyggarar og næringsliv til tilgjengelege, samanhengande og trygge digitale tenester aukar, mens modernisering av komplekse system framleis er nødvendig. I dette landskapet er evna til å prioritere riktig, bygge robust digital infrastruktur og forvalte tillit blitt viktigare enn nokon gong.
Dataa våre er eit viktig bidrag for auka verdiskaping i Noreg, både for næringsliv, offentleg forvaltning og frivillig sektor. Sikker og stabil drift er ein nødvendig føresetnad for å sikre at data er tilgjengeleg heile døgnet, heile året. I 2025 har vi tatt viktige steg for å styrke informasjonssikkerheita. Tiltak innan både teknologi og styring har løfta mogenskapen og gitt stabile resultat utan kritiske hendingar. Nasjonal sikkerheitsmyndigheit og Riksrevisjonen har nå lukka sine tidlegare tilsynssaker. Det er viktige milepælar for etaten vår!
I 2025 takka Lars Peder Brekk av etter 12 år som direktør for Brønnøysundregistera. Gjennom meir enn eit tiår har han leia verksemda i ein periode prega av betydeleg utvikling, auka kompleksitet og store samfunnsendringar. Under leiinga hans har vi styrka rolla vår som ein sentral aktør i norsk digitalisering, modernisert viktige registerløysingar og bidratt til auka openheit, kvalitet og tillit i samfunnet sine felles data. Lars Peder har vore ei tydeleg stemme for betydninga av pålitelege register, effektiv forvaltning og samarbeid på tvers av sektorar og landegrenser. Eg vil gjerne takke Lars Peder Brekk for hans betydelege innsats, strategiske blikk og engasjement for samfunnsoppdraget.
Vi har nådd mange av dei måla vi har sett oss for 2025.
Vi har tatt viktige steg mot målet vårt om 100 % digital registerforvaltning. 77 % av sakene blei behandla helautomatisk. Vi har 100 % digital tilgjengeleggjering og registera våre er tilgjengelege døgnet rundt. Det gjer at tilgang til og bruk av oppslagstenestene våre kan skje når næringsliv og frivillig sektor treng det. Antal oppslag viser ei formidabel auking. Vi hadde heile 12 milliardar oppslag i løpet av 2025. Dette tilsvarer 378 oppslag i sekundet. Det har vore ei betydeleg auke, og vi ser samtidig ein tydeleg vekst i interessa frå utanlandske aktørar.
Rask saksbehandling bidrar til auka verdiskaping i samfunnet. I 2025 nådde vi måla for saksbehandlingstid i alle register, med unntak av Einingsregisteret. I periodar har saksbehandlingstida vore lengre enn dei fastsette måla i Einingsregisteret og Føretaksregisteret. Avvika skuldast ein kombinasjon av høgare saksmengde enn forventa og kapasitetsutfordringar. For å handtere situasjonen har vi styrka kompetansen på tvers av registera, tatt i bruk midlertidige ressursar og prioritert saker med lovpålagde fristar. Manuelle førespurnader har blitt nedprioritert for å redusere den samla saksbehandlingstida.
Vi nådde ein viktig milepæl da Frivilligregisteret blei det første registeret der vi fornya heile verdikjeda, det vil seie ny innrapporteringsløysing, saksbehandlingsløysing og tilgjengeleggjeringsløysing. Frivilligregisteret forbetrar og forenklar samhandlinga mellom frivillige organisasjonar og offentlege myndigheiter.
Forenklingstiltaka våre, både små og store, har gjennom året gitt berekna samfunnsgevinst på meir enn 100 millionar kroner. Ny funksjonalitet i Offentleg stønadsregister blei lansert i 2025. Registeret gir openheit og betre informasjon om stønadstildelingar og stønadsordningar. Registeret har automatisk saksbehandling og digital innrapportering. Ny funksjonalitet for berekraftsrapportering i Rekneskapsregisteret gir auka openheit for verksemder som er omfatta av lovkravet.
De to største prosjekta, BRsys og Brukarvennlege registertenester (BVR), legg grunnlaget for gevinstar, både internt ved Brønnøysundregistera og for næringslivet. BRsys har hatt lågare framdrift enn ønska. Éi av årsakene er knytt til arbeidet med lovendringar i ny Føretaksregisterlov og Einingsregisterlov.
Riksrevisjonen viser i 2025 til at vi har gjennomført mange tiltak i BRsys og BVR sidan førre undersøking, noko som har styrka framdrifta. Likevel har vi fleire forbetringsområde, blant anna må vi sikre systematisk læring på tvers av prosjekta. Vi har arbeidd med ulike tiltak for å betre framdrifta.
Aukande økonomisk kriminalitet og meir profesjonelle svindelnettverk utfordrar tilliten til offentlege register. Misbruk av registerdata kan i ytste konsekvens svekke både datakvalitet og samfunnet sin tillit til informasjonen som næringsliv, frivillige og myndigheiter bygger avgjerdene sine på.
Førebygging er derfor ei høgt prioritert oppgåve for oss. Vi arbeider heilskapleg og risikobasert, i tett samarbeid med etatar i Noreg og med partnarar i Norden og Europa. I 2025 har vi identifisert risikoutsette område, delt tips om konkrete saker og saman med andre myndigheiter kartlagt kva register og ordningar som har størst risiko for misbruk. Regelverksutvikling gir rom for å gjennomføre ulike kontrollar som kan styrke kvaliteten i registerdata, og vi har greia ut behovet for ulike kontrollheimlar for Rekneskapsregisteret.
Vi gjennomfører kvart år ei brukarundersøking, for å få tilbakemeldingar på korleis næringsliv, private og frivillig sektor oppfattar tenestene våre. Brukarane våre gir gode tilbakemeldingar både på effektivitet og at dei har høg tillit til registera våre. Det er gledeleg å sjå at 9 av 10 har full eller ganske stor tillit til oss og tilliten auka frå 2024 til 2025. I 2025 blei vi kåra til den offentlege etaten med best omdøme i Traction Offentlig 2025. Prisen blir gitt til verksemder som folk har størst tillit til. Eg er stolt av å leie ein etat der brukarane viser oss høg tillit! Dette forpliktar, og vi skal fremleis jobbe for å oppretthalde dei gode resultata.
Eg vil rette ein stor takk til alle tilsette for innsatsen i 2025. De har stått i krevjande prioriteringar, samtidig som de har sikra stabil drift, kortare saksbehandlingstid, høg kvalitet i registera og utvikling av nye løysingar. Det er summen av god faglegheit, gjennomføringsevne og vilje til å finne gode løysingar som gjer at vi leverer på samfunnsoppdraget vårt kvar einaste dag.
Kvar enkelt bidrar, og saman skapar vi resultat som styrker tilliten til registera, legg til rette for verdiskaping og bidrar til eit meir rettferdig og trygt næringsliv.
Eg går inn i 2026 med både stoltheit og forventning. Vi har vist at vi evnar å omstille oss og levere når det gjeld. Det gir eit solid grunnlag for å skape endå meir verdi for brukarane og samfunnet i tida som kjem.
Brønnøysund, 15. mars 2026

Lise A. Dahl Karlsen
Kst. direktør