Rettleiing til registrering av stønadstildeling notifisert stønad
Nedanfor finn du ei forklaring for utvalde punkt i registreringsskjemaet.
Forklaringa gjeld for notifisert stønad.
Tildeling av notifisert stønad skal registrerast innan seks måneder frå datoen stønaden blir tildelt.
Stønad i form av skatte- og avgiftsfordel skal meldast innan eitt år frå fristen til å levere skattemelding.
Stønad i form av differensiert arbeidsgivaravgift skal registrerast innan 20 vyrkedagar etter fristen til å levere a-melding.
Stønaden skal registrerast dersom beløpet er på 100 000 euro eller meir i ei tildeling. Dersom stønadsgivar ønsker det, kan også stønad under terskelverdien registrerast.
Dersom fleire føretak i same konsern er tildelt stønad til dei same kostnadene som gir rett til stønad, frå same stønadsordning eller det same nasjonale rettsgrunnlaget, er terskelverdien nådd når summen av mottatt stønad for alle føretaka tilsvarar 100 000 euro eller meir.
Når du loggar deg inn i skjemaet vil informasjonen vere førehandsutfylt.
Vel stønadsordning frå lista over stønadsordningar som tilhøyrer stønadsgivar. Finn du ikkje ønska stønadsordning, må ho opprettast som ny stønadsordning først.
Feltet er førehandsutfylt dersom den valde stønadsordninga berre har ein statsstønadskategori. Dersom det finst fleire statsstønadskategoriar for den valde stønadsordninga, må du velje den statsstønadskategorien som tildelinga gjeld.
Du kan fylle ut skjemaet manuelt eller ved å laste opp ei CSV-fil. Ved manuell registrering kan det leggast inn inntil 50 stønadsmottakarar.
Ved opplasting av CSV-fil må dataa samsvare med innhaldet i skjemaet. Eksempelmal for riktig CSV-format finst i skjemaet.
Det skal vere oppgitt kva formål stønaden dekker. Feltet vil enten vere færehandsutfylt eller det kan veljast frå lista over formål som er registrerte på stønadsordninga.
Du skal oppgi organisasjonsnummer eller fødselsnummer til stønadsmottakar.
Du kan finne organisasjonsnummeret til eit føretak ved å søke i verksemdsopplysningar.
Du kan oppgi om føretaket er et lite føretak, mellomstort føretak eller stort føretak. Feltet er berre aktuelt dersom størrelsen på stønadsmottakar er registrert i stønadsordninga.
Du skal oppgi kva næring stønadsmottakar er aktiv i og regionen stønaden skal bli brukt i.
Du kan berre oppgi ei næring og ein region per stønadstildeling.
Stønadsgivar skal registrere kva stønadsinstrument som blir brukt. Eit stønadsinstrument er den konkrete forma eller mekanismen som blir brukt til å gi offentleg stønad. Eksempel på dette kan vere:
- forskot
- eigenkapitalinvestering
- lån
- rentesubsidiar
- risikofinansiering
- tilskot
Ved fleire støtteinstrument
Dersom tildeling inneheld fleire stønadsinstrumenter, skal dei ulike postane i tildelinga registrerast som eigne tildelingar.
Eksempel:
Tildelinga til eit føretak utgjer
- tilskot på 450.000, – og eit
- gunstig lån på 800.000,- der stønadselementet utgjer 60.000 (f.eks rimeleg rente)
Registrering i Stønadsregisteret
- ei registrering som oppgir tilskotet på 450.000,-
- ei registrering som oppgir stønadselementet på 60.000,-.