Kapittel 3: Årets aktivitetar og resultat
Sist oppdatert: 9. oktober 2025.

Overordna prioriteringar
Verksemdsplanen for 2024 har prioriterte oppgåver basert på strategi og overordna mål og føringar sett i tildelingsbrevet. Dei høgste prioriterte tiltaka har vore:
- informasjonssikkerheit inkludert cybersikkerheitsprogrammet
- nytt registersystem – prosjekta BRsys og Brukarvennlege registertenester
- register over reelle rettshavarar
- reetablering av tenester i Altinn 3
Andre viktige prioriteringar har vore
- saksbehandlingstid nært mål med god datakvalitet
- forenklingsarbeid
Cybersikkerheitsprogrammet blei avslutta i 2024. Programmet har saman med andre aktivitetar innan informasjonssikkerheit, gjort at vi har forbetra sikkerheitsnivået og mognadsnivået innan sikkerheit. Vi meiner at avvika frå Riksrevisjonen sin revisjon frå 2020/21 og NSM sitt tilsyn frå 2022 nå er lukka.
I 2024 blei det gjennomført fleire tiltak for å styrke prosjektstyringa i prosjekt for ny registerplattform (BRsys) og legge til rette for at prosjektet skulle få auka effektivitet. NFD godkjente hausten 2024 eit revidert styringsgrunnlag for BRsys. Dette var nødvendig for å gi prosjektet meir realistiske rammer å jobbe etter. Prosjektperioden er med dette utvida til 2028, mens kostnadsramma er halden uendra.
I november sette BRsys i drift ei ny løysing for registrering og saksbehandling av enkeltpersonføretak, og dette markerte starten på overgangen til heilt nye løysingar for Einingsregisteret og Føretaksregisteret. Arbeidet med det nye Frivilligregisteret kom også godt i gang og skal settast i drift i løpet av første halvår 2025.
Prosjektet Brukarvennlege registertenester (BVR) har ein sterk avhengnad til BRsys, og det har vore jobba med å revidere styringsgrunnlaget for BVR slik at det blir tilpassa dei reviderte planane til BRsys. Framdrifta for ny innrapportering frå BVR har blitt noko påverka av framdrifta til Altinnprosjektet i Digitaliseringsdirektoratet, men desse utfordringane er nå løyste. På tilgjengeleggjering har BVR levert grunnfunksjonalitet og innhald for oppslagstenestene Verksemd og Mi side, og det er gledeleg å sjå at bruken av dei nye grensesnitta fører til kraftig auke i bruken.
Register over reelle rettshavarar blei sett i drift hausten 2024. Registeret betrar tilgangen til opplysningar om eigarskap og kontroll i norske selskap. Etter tre månaders drift inneheld registeret cirka 35 % av alle registreringspliktige verksemder.
Prosjektet reetablering av tenester frå Altinn II til Altinn 3 gjekk over til gjennomføringsfase i 2024 og har levert innrapportering til Reservasjonsregisteret og er i samsvar med leveranseplan. Prosjektet inngår i programmet «Nye Altinn» som blir styrt av Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) og er eit samarbeid med Digdir, Skatteetaten og Statistisk Sentralbyrå.
Saksbehandlingstida har vore innafor mål i alle registrera våre. Unntaket er søknad- og klagesaksbehandlinga knytt til forseinkingsgebyr i Rekneskapsregisteret. Andelen heilautomatisk saksbehandling, og den digitale innrapporteringa har auka. Det blei blant anna innført klokkeslettsprioritet for Lausøyreregisteret. Dette inneber at tinglysingar får rettsvern og prioritet etter tidspunkt for innsending. Endringa har redusert saksbehandlingstida frå 3 dagar til 0 / 1 dag, avhengig av korleis sakene er sende inn.
Deling av data, både i privat og offentleg sektor, er eit viktig område for å bekjempe kriminalitet, få auka kontroll og meir samanhengande tenester. Deling av data frå Rekneskapsregisteret auka betydeleg i 2024, frå ca. 80 millionar oppslag i 2022 til 603 millionar oppslag i 2024. Aukinga skuldast at fleire offentlege etatar bruker løysinga, men også at fleire private aktørar ønsker tilgang til rekneskapsdata.
Ressursbruk
Antal avtalte årsverk har auka frå 421 i 2023 til 457 i 2024. Halvparten av auken er knytt til IT-avdelinga, mens resten er andre forretningsressursar, stillingane bidrar til auka utviklingskapasitet, drift og forvaltning. Vi brukte i 2024 rundt 20 prosent av interne ressursar i prosjekt. Dette er om lag same nivå som i 2023, men antal interne timar brukte i prosjekt har auka frå 110 000 timer i 2023 til 133 000 timer i 2024. Dette er ein auke på 21 prosent frå 2023 og skuldast nye oppdrag og auka bemanning av eksisterende prosjekt.
I tillegg kjem innleige av konsulentar som utgjer cirka 72 årsverk. Ekstern innleige utgjer om lag 45 prosent av utviklingskapasiteten. Bruken av eksterne konsulentar skuldast dels at vi ikkje har klart å rekruttere IT-medarbeidarar med seniorkompetanse og at det i tidsavgrensa oppdrag er hensiktsmessig å bruke innleigde ressursar for å ikkje binde opp faste lønnsmidlar til prosjektinntekter. Ein stor andel utviklingskapasitet aukar risikoen for ledig kapasitet dersom utviklingsprosjekta blir færre.
Ved starten av prosjekta gjer vi ei vurdering av nivået på innleigde ressursar. Innleigde ressursar har ein høgare kostnad og det er behov for å ha tilstrekkeleg kompetanse internt for å kunne ivareta drift og forvaltning etter at prosjektet er ferdig. Vi har auka fokus på å rekruttere fleire seniorressursar for å kunne redusere noko av konsulentbruken framover, i tillegg skal arbeidet med ressursstyring styrkast.
Samla vurdering av måloppnåing
Brønnøysundregistera vurderer at vi har nådd måla våre innan ei rekke område, men ser at vi framleis må arbeide for å nå andre. Innan saksbehandling og sikkerheit er måla i hovudsak oppnådde.
Prosjekt ny registerplattform BRsys har hatt låg måloppnåing, og har vore gjenstand for inngåande analysar og tiltak for å betre måloppnåinga. Fleire tiltak har vore retta mot å betre eigar- og prosjektstyringa og gi prosjektet gode arbeidsvilkår. NFD og BR har prioritert hardt for å gi prosjektet betre rammevilkår, og prosjektet kunne i årets tredje tertial endeleg rapportere grønn status i samsvar med revidert styringsgrunnlag med ny baseline frå 1.9.2024.
Prosjekt Brukarvennlege registertenester (BVR) har fulgt planane for nye tilgjengeleggjeringsløysingar, og måloppnåinga er her over plan. For ny innrapportering er BVR noko bak plan som følge av eksterne avhengnader, men det er foreløpig ingen forseinkingar av betydning for måloppnåinga. Dei viktigaste tiltaka knytte til BVR-prosjektet handlar om å harmonisere og synkronisere prosjektet mot dei reviderte planane for BRsys.
Dette er eit samandrag. Les fullstendig årsrapport for 2024 her.